Søknad om løyve etter forureiningslova- utfylling i sjø - Nøstet i Bergen

Høyringsfrist:
8. desember 2023 23:00
Oversiktsteikning av sjøfylling med fyllingsfot. Utfylling vist med grått felt. Kjelde: Multiconsult

Nøstet sjøfront AS og Nøstegaten 72–74 AS søkjer om løyve etter forureiningslova for utfylling i sjø foran eigedomane gnr. 165, bnr. 574 m fl. på Nøstet i Bergen kommune. 

Publisert 03.11.2023

Om saka

Det skal etablerast ny sjøfront og planlagt utfylling er berekna til 8 000 m3 stein over 2 000 m2 sjøbotn. Tiltaket er planlagt utførd i 2025. Utfyllinga krev dispensasjon etter plan- og bygningslova. 

Multiconsult har i vedlagte rapport vurdert påverknad på fiskeriinteresser, naturmangfald, kulturminner og øvrige interesser som kan bli negativt påvirka av anleggstiltaket. 

Multiconsult har foreslått avbøtende tiltak basert på ei risikovurdering av utfyllingen. Hovudtiltaka er bruk av siltgardin for deler av utfyllinga, kombinert med turbiditetsmålingar og sluttkontroll.

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast  
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2023/16010. Frist for å gje fråsegn er 8. desember 2023.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.