Resultata etter gjennomgangen av Tolga-saka

Fylkesmannen i Vestland, Statens sivilrettsforvaltning og Statens helsetilsyn har i dag lagt frem resultata frå gjennomgangen av «Tolga-saka».

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.02.2019

Gjennomgangen er gjort på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Bakgrunn

Det var ei rekke medieoppslag om tre personar i Tolga kommune som hadde fått verjemål mot sin vilje. Det vart stilt spørsmål ved omstenda kring diagnostiseringa av personane og registreringa som grunnlag for rammetilskot.

Det førte til at dei nemnde departementa avgjorde å gjennomføre ei felles oppfølging og undersøking av saka. KMD skulle vere koordinerande departement og Fylkesmannen i Hordaland (no Vestland) skulle koordinere arbeidet.

Gjennomgangen har vist manglar i sakshandsaminga på alle område og nivå som er undersøkt

  • Manglande dialog og medverknad

  • Feilført diagnose og diagnosar brukt feil
  • Sakene var ikkje tilstrekkeleg opplyste for å opprette verjemål. Då dette likevel vart gjort, skulle verjemåla vore oppheva tidlegare.

  • Feil ved kommunen si registrering som grunnlag for rammetilskot.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.