Oppsummering frå samling i økonominettverket 2021

Årets samling i økonominettverket er gjennomført, og arbeidsutvalet takkar alle innleiarar og deltakarar for ein god og innhaldsrik konferanse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.11.2021

Hovudtema på første dag var Kostra, med innlegg frå Kommunal og moderniseringsdepartementet og frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I tillegg hadde Statsforvaltaren nokre orienteringar. På dag to fekk vi orientering om Pensjonsøkonomi frå KLP. Hovudtema denne dagen var økonomiske måltal, korleis bruke desse som styringsverktøy, og korleis og kva skal målet vere. Etter innleiing frå Statsforvaltaren fekk vi gode innlegg frå Stad, Alver og Bjørnafjorden kommune.

Programmet for samlinga og alle presentasjonane finn du til høgre i artikkelen.

 

SSB har sendt følgjande lenke til kommunegrupperingene:
https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/112/korrespondanser/641

Lenke til rapport om kommunegrupperingene:
https://www.ssb.no/offentlig-sektor/artikler-og-publikasjoner/gruppering-av-kommuner-etter-folkemengde-og-okonomiske-rammebetingelser-2020

Lenke til kodelister:
Funksjoner: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/277

Artar: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/259

Balansekapittel: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/270

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.