Budsjett og økonomiplanar for kommunane 2021 - 2024
Kommunane sender budsjett 2021 og økonomiplan 2021 – 2024 til Statsforvaltaren, som går gjennom dokumenta etter kommunelova med forskrifter og retningslinjer.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For kommunar som ikkje er under statleg kontroll og godkjenning (Robek-registrerte) er dokumenta sende til Statsforvaltaren til orientering, jf. kommunelova § 14-3 fjerde ledd. Statsforvaltaren skal ikkje godkjenne budsjett og økonomiplan for desse kommunane. Men vi kontrollerer at budsjett og økonomiplan er i balanse og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar, som er knytt til om ein kommune skal registrerast i Robek.
For kommunar som er registrerte i Robek gjer vi ein grundigare gjennomgang av planane, og skal godkjenne låneopptak som kommunestyret/heradsstyret har vedteke for budsjettåret.
Alle kommunane får brev med tilbakemelding om korleis Statsforvaltaren vurderer kommunens økonomi og utviklinga slik den er planlagt i budsjett og økonomiplan. Etter kvart som vi har gjort gjennomgangen og sendt brevet til kommunen, blir dette lagt ut under denne artikkelen. Når gjennomgangen er gjort for alle kommunane, lagar vi ei samla oppsummering med vurdering for kommunane i Vestland. For kommunar som er/blir registrert i Robek, blir brevet til kommunen lagt ut i ein eigen artikkel.
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Håvard Rød
Tlf: 55 57 21 43 / 95 80 97 40
Lenkjer
Brev til kommunane
- 4619 Eidfjord
- 4629 Modalen
- 4613 Bømlo
- 4616 Tysnes
- 4644 Luster
- 4632 Austrheim
- 4621 Voss
- 4614 Stord
- 4648 Bremanger
- 4630 Osterøy
- 4601 Bergen
- 4602 Kinn
- 4647 Sunnfjord
- 4650 Gloppen
- 4624 Bjørnafjorden
- 4626 Øygarden
- 4640 Sogndal
- 4618 Ullensvang
- 4617 Kvinnherad
- 4649 Stad
- 4634 Masfjorden
- 4628 Vaksdal
- 4638 Høyanger
- 4635 Gulen
- 4631 Alver
- 4625 Austevoll
- 4623 Samnanger
- 4651 Stryn
- 4637 Hyllestad
- 4633 Fedje
- 4627 Askøy
- 4620 Ulvik
- 4611 Etne
- 4639 Vik
- 4622 Kvam
- 4612 Sveio
- 4643 Årdal
- 4615 Fitjar
- 4636 Solund
- 4646 Fjaler
- 4645 Askvoll
- 4641 Aurland
- 4642 Lærdal