Kommunale utgifter etter naturhendingar
For materielle skader på kommunal infrastruktur etter naturhendingar, kan kommunane søke om skjønnsmidlar til dekking av ekstraordinære utgifter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har sendt brev til kommunane som vart råka av uveret i førre veke, der vi orienterer om høvet til å søke om skjønnsmidlar til dekking av ekstraordinære utgifter etter naturhendingar.
Søknad med ei skildring av hendinga og eit anslag over utgiftene skal sendast til Fylkesmannen for vidare handsaming. Fylkesmannen gjennomgår dokumentasjonen og kjem med si tilråding til departementet, etter fastlagde retningslinjer. Departementet legg til grunn at det som kan kompenserast gjennom skjønnsmidlane er ekstraordinære utgifter knytt til den akutte krisesituasjonen, og til oppattrydding og reparasjonar i ettertid til opphavleg standard. Med kritisk infrastruktur meiner ein her til dømes kommunale vegar, vatn- og avlaupsnett og anna infrastruktur som kommunane er avhengige av for å kunne utføre dei lovpålagde oppgåvene sine.
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35 -
Haavard Stensvand
Tlf: 57 64 30 10 / 91 57 74 32