Revidert nasjonalbudsjett 2018 og kommuneproposisjonen 2019
Med bakgrunn i proposisjonen har vi laga eit samandrag over dei viktigaste økonomiske momenta i kommuneopplegget for 2018 og 2019 i Sogn og Fjordane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.01.2019
Viktigaste endringar i revidert nasjonalbudsjett:
- Forventa lågare lønsvekst i 2018 betyr at skatteanslaget er justert ned med 350 mill. kroner for kommunane
- Kommunar med lakseoppdrett får auka inntekter frå Havbruksfondet
- Auka løyvingar for investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar.
Kommuneproposisjonen 2019:
- Realvekst i kommunanes frie inntekter på mellom 2,6 og 3,2 mrd. kroner, som utgjer 0,7 – 0,9 prosent
- Reduksjon i skjønnsramma til kommunane held fram gjennom overføring til innbyggjartilskotet i rammetilskotet
- Kommunereforma blir vidareført med økonomiske verkemiddel.
Les meir i brevet til kommunane og kommuneproposisjonen 2019.
Kontaktpersonar
-
Marit Lunde
Tlf: 57 64 30 05 / 95 06 29 35