Digital Leve heile livet-konferanse

Dato:
1. desember 2020 09:00 - 15:00
Stad:
Digital samling - Microsoft Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve heile livet-reforma
Målgruppe:
Brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, representantar for eldreråd, frivillige organisasjonar, representantar for næringslivet, politikarar, rådmenn, ansvarlege for planarbeid i kommunar og fylkeskommune, leiarar og tilsette i helse og omsorgstenestene. Representantar for helseføretak, universitet og høgskular, vidaregåande skular og andre interesserte er også velkomne til å delta.

Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve heile livet-reforma inviterer til digital konferanse 1. desember. Programmet er no klart.  

Publisert 17.11.2020

På grunn av smittesituasjonen blir dei to fysiske konferansane vi planla no gjort om til ein digital konferanse 1. desember. Konferansen blir arrangert over Microsoft Teams.

Alle som var påmelde dei fysiske konferansane i Førde 1. desember og Bergen 2. desember er automatisk påmeldt den digitale konferansen, og får meir informasjon på e-post.

Program for konferansen

Kva må til for at vi skal lukkast med gjennomføringa av reformarbeidet, og korleis få til forbetring er tema som vert teke opp på konferansen. Rekruttering og kompetanse, etikk og velferdsteknologi og fleire aktuelle tema knytt til innsatsområda i reforma står også på programmet. 

Programmer for den digitale konferansen finn du under «Dokument».

Målet med konferansen er:

  • å vere ein møteplass for ulike aktørar som ønskjer å bidra i arbeidet med gjennomføring av kvalitetsreforma Leve heile livet
  • skape engasjement og begeistring for reformarbeidet
  • å vere ein stad for informasjonsutveksling og erfaringsdeling

Vi gjer merksam på at konferansen er for deltakarar i Vestland.