Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
18. november 2021 09:00 - 15:10
Stad:
Hotel Augustin, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
3. november 2021 23:59

På samlinga får vi presentert revidert standard for utanrettslege  gjeldsordningar i Nav og to nyleg skrivne masteroppgåver om økonomisk rådgjeving. 

Publisert 18.10.2021, Oppdatert 28.10.2021

Nettverkssamlingane for økonomisk rådgjeving er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve. 

Programmet

På årets siste nettverkssamling vil Marthe Helen Bosvik Birkeland fortelje om forskinga si som resulterte i masteroppgåva "Unge med gjeldsproblemer. En sosiologisk studie basert på intervjuer med unge voksne og gjeldsrådgivere.".

Torleif Kahrs har skrive masteroppgåva "Kan man medvirke seg ut av gjeldsproblemer? En kvalitativ studie av medvirkning og etikk i gjeldsrådgivning.", og vil fortelje om si forsking.

Vi får også ein presentasjon av den reviderte standarden for utanrettslege gjeldsordningar i Nav, som direktoratet nyleg kom med. Oppdateringa kom særleg på bakgrunn av omorganiseringa av Skatteetaten og endringane på det offentlege innkrevjingsområdet.

Vi legg til rette for erfaringsdeling og diskusjonar. 

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 17. – 18. november for deltakarar som har lang reiseveg; 3 timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Hotel Augustin i Bergen sentrum. Les meir om Hotel Augustin her. 

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Elisabeth Lund-Iversen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.

Dato:
18. november 2021 09:00 - 15:10
Stad:
Hotel Augustin, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
3. november 2021 23:59