Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep

Dato:
20. oktober 2022 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
RVTS Vest, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
Målgruppe:
Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
Påmeldingsfrist:
11. oktober 2022 23:59

RVTS Vest og Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland inviterer til introduksjonskurs i korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.

Publisert 06.04.2022

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Vi veit at mange barn veks opp med vald, overgrep og omsorgssvikt, og vi veit at det aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.

Barn treng trygge vaksne. På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane «Snakke med barn» og «Jeg vet». Desse ressursane kan bidra til at nettopp du vert ein vaksen som vågar å sjå, og tør å handle når du er bekymra for eit barn. 

Kursinnhald

Etter kurset vil du:

  • Ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge.
  • Ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og Jegvet.no.
  • Ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no.
  • Kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i tenesta di.
  • Kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge.
  • Få moglegheit til å melde deg som «Snakke-fadder».

Førelesarar er barnevernspedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Steinar Hvål.

Førebuing til kurset

Vi ønsker at de gjer dykk kjent med følgjande nettressursar:

Praktisk informasjon 

Påmeldinga finn du på Statsforvaltaren i Rogaland sine nettsider. Det er gratis å delta. Kurset er digitalt. Lenkje blir sendt påmelde deltakarar i eigen e-post den 18. oktober 2022.

Praktiske spørsmål kan rettast til arrangørane av kurset Linda R. Kvalvik og Steinar Hvål. Kontaktinformasjon finn du i Oversikt over kurstilbod, som også ligg under «Dokument».

Ved at du melder deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at informasjonen din blir delt med medarrangør, at namn og e-postadresse kan bli synleg i ein Outlook-invitasjon og i det digitale møtet. Les meir om personvern her eller under "Lenkjer".

Påmeldingsfrist 11. oktober 2022.

Dato:
20. oktober 2022 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
RVTS Vest, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland
Målgruppe:
Alle som møter barn og unge i sitt arbeid
Påmeldingsfrist:
11. oktober 2022 23:59