Digital samling om statistikk, analyse og kvalitetsutvikling
- Dato:
- 3. november 2022 09:00 - 13:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Skuleeigarar, skuleleiarar, og anna personale som har ei rolle i kvalitetsutviklingsarbeid retta mot skulesektoren.
- Påmeldingsfrist:
- 2. november 2022 16:00
Torsdag 3. november inviterer vi til samling kring bruk av statistikk og analyse i samband med kvalitetsutviklingsarbeid.
Før lunsj vil Sølvi Lillejord og Per Garmannslund ta deg igjennom nokon sentrale moment kring analyse og kvalitetsutviklingsarbeid. Sølvi er professor emeritus ved UiB. Ho er ein sentral aktør på skuleforskingsområdet i Noreg, og har blant anna vore leiar for ekspertgruppa for skulebidrag. Per er dosent på avdeling for pedagogikk ved NLA, og har dei siste to tiåra jobba med tema statistikk og analyse knytt til skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling i Agder.
Etter lunsj vil Utdanningsdirektoratet gi ei grunnleggande innføring i opne verktøy som kan nyttast som kjelder til informasjon, og vidare verktøy som kan nyttast i analysearbeidet.
Bidragsytarar
Sølvi Lillejord
Per Garmannslund
Utdanningsdirektoratet
Påmelding
Du finn lenke til påmelding i høgre blokk. Frist for påmelding er 2. november, kl 16:00.
Vel møtt!
- Dato:
- 3. november 2022 09:00 - 13:30
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Skuleeigarar, skuleleiarar, og anna personale som har ei rolle i kvalitetsutviklingsarbeid retta mot skulesektoren.
- Påmeldingsfrist:
- 2. november 2022 16:00