Webinar om bustadsosiale handlingsplanar (andre i serie)

Dato:
8. februar 2023 09:00 - 11:00
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
Påmeldingsfrist:
7. februar 2023 23:59
Illustrasjonsbilete av framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024), to born som leikar.
Ill.bilete: framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD.

Statsforvaltaren i Vestland arrangerer ein serie med webinar for å støtte kommunane i arbeidet med å utarbeide eller revidere bustadsosiale handlingsplanar. 

Publisert 03.01.2023, Oppdatert 23.01.2023

Program

  • Folkehelseoversikt og bustadsosiale planar 
    v/Janne Weltzien Listhaug, seniorrådgjevar Statsforvaltaren i Vestland

  • Kommunal bustadplan - korleis planlegge for trygge og gode bustader i Alver kommune?
    v/Trude Langedal, samfunnsplanleggar Alver kommune

  • Korleis sikra medverknad, samhandling og heilskapleg kunnskapsgrunnlag i bustadsosialt planarbeid?
    v/Vilde Eikeseth, stab helse og omsorg Voss herad

Om webinar-serien

Gjennom webinar-serien er målet å gje kommunane auka kompetanse om korleis nasjonale føringar og kommunanes overordna planar (planstrategi og kommuneplanens samfunnsdel og arealdel) kan gje føringar for utarbeiding av bustadsosiale handlingsplaner.

Kunnskapsgrunnlag, korleis organisere planarbeidet og korleis gå frå plan til gjennomføring via økonomiplan og budsjett, vil og vere tema. Vi vil òg sjå nærare på korleis Husbankens økonomiske verkemiddel kan bidra til å løyse kommunanes utfordringar på dette området. 

FNs berekraftsmål, «Nasjonale forventninger om regional og kommunal planlegging 2019-2023» og den nasjonale strategien for ein sosial bustadpolitikk «Alle trenger et trygt hjem 2021-2024» legg alle vekt på behovet for sosial berekraft i bustadpolitikken. Det inneber behov for å planleggje for bustadar for alle, òg dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden som til dømes eldre, funksjonshemma, vanskelegstilte barnefamiliar, bustadlause m.fl. 

I utkast til ny Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet (St. prop. 132 L 2021-2022) vil kommunane mellom anna verte pålagt å ta slike bustadsosiale omsyn i planlegginga.

Påmelding til webinar 8. februar 2023 skjer via skjema under. 

Påmelding webinar 8. februar 2023

Dato:
8. februar 2023 09:00 - 11:00
Stad:
Digitalt (Teams)
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale leiarar og tilsette involvert i arbeid med bustadsosial handlingsplan (Vestland)
Påmeldingsfrist:
7. februar 2023 23:59