Webinar "Dialog SKOG" - Skogen på Vestlandet i 2090
- Dato:
- 9. mai 2023 09:00 - 10:00
- Stad:
- Digitalt møte/Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men absolutt ope for eksterne deltakarar også.
Eit endra klima vil påverke skogane også i Nord-Europa, og vi må akseptere dette og tilpasse det skogfaglege tenkjesettet vårt.
Klarar vi å forsterke innsatsen dei kommande åra, kan vi kanskje dempe dei klimarelaterte endringane, men vi kan ikkje hindre dei skadane som allereie er gjort.
Skog er ei langsiktig næring, ofte med 100 års perspektiv. Det betyr at vi må vere medviten om kva val vi tar no. Dei raske endringane utfordrar det innarbeidde suksessive handlingsmønsteret “hogst – planting –hogst – planting”.
I tillegg får skogen i vår tid nye og “tyngre” samfunnsoppgåver enn berre produksjon av trevyrke. Binde karbon, stoppe ras, bremse vatn og sikre artsmangfaldet. Vi må snakke om korleis vi skal forvalte og skjøtte skogane våre i framtida!
Påmelding via denne lenkja eller i høgremargen.
Program
Statsforvaltaren Velkomen |
Dirk Kohlmann fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar |
9.00 – 9.05 |
NORCE - Bjerknessenteret Skogen på Vestlandet i 2090 – kva må vi førebu oss på i klimaendringa si tid? |
Øyvind Paasche seniorforskar/leder avdelinga for klimadynamikk Erik Kolstad forskar/leiar for SFI-senteret Climate Futures |
9.05 – 9.30 |
Skogbrand Kva slags skogfaglege råd skal forvaltinga gje skogeigaren i møte med desse utfordringane? |
Guro Stranden Småsturådgjevar Ole Stabekk seniorrådgjevar |
9.30 – 9.50 |
Innspelsrunde, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs |
|
9.50 – 10.00 |
Påmelding og praktisk informasjon
Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant. Webinarane varer normalt ca. 60 minutt. Det vert sett av tid til å svare på spørsmål frå deltakarane. Spørsmål sendast inn via chat og vert svart på direkte av innleiarane eller av chatansvarleg.
- Dato:
- 9. mai 2023 09:00 - 10:00
- Stad:
- Digitalt møte/Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men absolutt ope for eksterne deltakarar også.