Webinar om SMIL og miljøvennlege vassdragstiltak

Dato:
7. juni 2023 12:30 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale sakshandsamarar
Påmeldingsfrist:
7. juni 2023 12:00
Gravemaskin i arbeid i jordbrukslandskap
Opphoping av vassmassar på beitemark. Utbetring av bekkeløp med gravemaskin Foto: Hardangerfjord Villfisklag.

Statsforvaltaren i Vestland inviterer kommunane til webinar om SMIL og miljøvenlege vassdragstiltak. Dette er eit viktig tema i ei tid med auka nedbør.

Publisert 25.05.2023

Ikkje alle er klar over moglegheitene SMIL-ordninga gjev når det gjeld handtering av vatn og tiltak som reduserer erosjon og tap av næringsstoff. Samstundes må ein vere merksam på korleis tiltak som erosjonssikring bør bli utforma for å vere eit SMIL-tiltak, og kva som er søknadspliktig.

Program:

  • Velkomen og innleiing v/SFVL
  • Døme på saker frå Voss herad og erfaringar etter synfaring v/Kari Mostad
  • Gode vassdragstiltak på lag med naturen v/Silje Sikveland, miljøavdelinga, Statsforvaltaren i Vestland
  • Erfaringsutveksling frå kommunane - ordet er fritt!

Webinaret blir arrangert 7. juni 2023, kl. 12:30-13:30.

Lenke til webinaret blir sendt ut til alle påmeldte 30 min. før arrangementet.

Påmeldingsskjema

Dato:
7. juni 2023 12:30 - 13:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Kommunale sakshandsamarar
Påmeldingsfrist:
7. juni 2023 12:00