Nasjonal Inn på tunet - konferanse
- Dato:
 - 29. august 2023 12:00 - 14:00
 - Stad:
 - Digital konferanse med direktesending frå Aaraas gård i Nittedal
 - Arrangør:
 - Landbruksdirektoratet og Statsforvalteren i Oslo og Viken
 - Målgruppe:
 - Kommuneansatte innan skule, helse- og omsorg, integrering og arbeidstrening
 
Her får du vite korleis Inn på tunet kan bidra til å oppfylle nasjonale, regionale og kommunale mål for opplæring, velferdstenester og integrering.
Les meir og meld deg på: Landbruksdirektoratets nasjonale "Inn på tunet"-konferanse.
Konferansen oppsummerer resultata frå Inn på tunet-løftet 2. Der vart det kartlagt kva utfordringar kjøpar møter når dei skal ta i bruk Inn på tunet-tenester og korleis desse kan løysast, både praktisk og økonomisk.
Du vil få sjå og høyre erfaringar frå Inn på tunet-tilbod rundt om i landet – tilbod for brukargrupper som skuleelevar, personar med demens, flyktningar/innvandrar og menneske som trenger arbeidstrening. Det vert fortalt om verdien av eit godt samarbeid med Inn på tunet-bonden og korleis tilboda kan integrerast med eksisterande tenester.
- Dato:
 - 29. august 2023 12:00 - 14:00
 - Stad:
 - Digital konferanse med direktesending frå Aaraas gård i Nittedal
 - Arrangør:
 - Landbruksdirektoratet og Statsforvalteren i Oslo og Viken
 - Målgruppe:
 - Kommuneansatte innan skule, helse- og omsorg, integrering og arbeidstrening
 
Kontaktpersonar
- 
            Ragna Flotve
                
Tlf: 55 57 21 72