Nok ein pris til kulturlandskapet i Vestland
Dagen etter utdelinga av Kulturlandskapsprisen i Vestland til verdsarvbøndene i Undredal, vart Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Beitelaget vart nominert til prisen av Statsforvaltaren i Vestland og nasjonalparkforvaltar for Breheimen, Aina-Elise Bolstad Stokkenes. I nominasjonen vektla vi den positive kulturen, og det gode samarbeidet mellom beitelaget og forvaltninga. Dette medverkar til gode resultat i kulturlandskapet, i tillegg til næringsutvikling og verdiskaping som kjem bøndene til gode.
Statssekretær Wenche Westberg delte ut prisen på vegner av Landbruks- og matdepartementet og Norsk Kulturarv. I talen trekte ho fram at det må målretta innsats til, over lang tid, for å ta vare på jordbruket sitt kulturlandskap med verdifulle miljøkvalitetar. Statssekretæren rosa samstundes engasjementet til medlemene i beitelaget:
«Skjøtsel av unike jordbrukslandskap, som vi finner nettopp her i Mørkridsdalen, er avhengig av et engasjement hos personer som har både kompetanse og gjennomføringsevne. Det er etter min mening, essensielt med et aktivt landbruksdrift som grunnlag for dette.»
I si helsing til vinnarane vektla landbruksdirektør Christian Rekkedal at Skjolden beitelag og historia om vernet av Mørkridsdalen landskapsvernområde er ei suksesshistorie, og eit godt døme på korleis vern kan gå frå å vere noko negativt til å vere ein stor ressurs.
Les meir om tildelinga på Norsk Kulturarv si nettside