Inn på tunet – gull verdt for språk- og arbeidstrening
Kva kan Inn på tunet bidra med for innvandrarar med fluktbakgrunn? Erfaringar frå Inn på tunet-løftet på Bømlo viser meistringsopplevingar, språktrening, arbeidslivskunnskap og mykje glede.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.12.2022
Gjennom introduksjonsprogrammet til Bømlo Vaksenopplæring har innvandrarar med fluktbakgrunn fått språk- og arbeidstrening som skal gje meistring, utvikling og trivsel. Det er også laga fire arbeidsbøker, som skal vere til hjelp for deltakarane.
Deltakarane har fått visa ressursane og arbeidskapasiteten sin, og vegen til ordinært arbeid vert kortare.
Bømlo kommune har vore pilotkommune i Vestland sin del av prosjektet Inn på tunet-løftet dei siste to åra.
Kontaktpersonar
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72