Nytt nasjonal jordvernmål i 2023
Regjeringa har lansert eit nytt nasjonalt jordvernmål: den årlege omdisponering av dyrka jord skal ikkje overstige 2000 dekar og målet skal vere nådd innan 2030. Dette er ei kraftig innskjerping av førre jordvernmål, som var på 3000 daa årleg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kun 3,5 % av landarealet i Noreg er jordbruksareal. Desse areala er utsett for nedbygging, fordi dei ofte ligg i områder med utbyggingspress. Etter den andre verdskrigen, har det blitt bygd ned rundt 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord. Det meste av dette var eigna til dyrking av matkorn. Ei berekraftig forvaltning av jordbruksareal betyr å unngå varig tap og forringing av produktive areal. I Noreg er det særleg viktig for matproduksjonen å ta vare på areal som er eigna for krevjande jord- og hagebruksvekster. Mesteparten av nedbygginga av jordbruksareal i Noreg skjer i sentrale områder og i klimasoner der areala er godt eigna for matkorn eller andre matvekster. Historisk sett busette folk seg der det var gode jordbruksareal og difor ligg 23 % av jordbruksarealet i landet mindre enn ein kilometer frå by eller tettstad. Andelen jordbruksareal med høgt produksjonspotensial er høgare nær tettstader og byer der utbyggingspresset er størst.
Den geopolitiske situasjonen
NIBIO har utarbeida to rapportar som dannar grunnlaget for den nasjonale jordvernpolitikken: NIBIO rapport 38/2023 Kunnskapsgrunnlag for norsk jordvernstrategi og NIBIO-rapport 72/2021 Jordvernets begrunnelser. NIBIO skildrar dei utfordringane matproduksjonen i verda har i møte med ei dramatisk forverra geopolitisk situasjon, som følgje av pandemi, krig, ulikskap og klimaendringar. Areala i nordlege og tempererte områder vil truleg bli viktigare både for matproduksjonen i verda og for Noreg sin del; den norske matsikkerheita. Det norske matkonsumet brukar store landareal og vannressursar i utlandet, gjennom import av mat og fôr til husdyr og oppdrettsnæring. Dersom vi tek vare på produksjonsareala i Noreg, kan vi redusere bruken av knappe areal- og vannressursar i andre land. Etter FNs berekraftsmål 2 og 15 er landa forplikta til å ta vare på grunnlaget for matproduksjon, dette gjeld både areala og jordsmonnet sine økosystemfunksjonar og produktivitet.
Nydyrking
Dersom den tapte jordbruksproduksjonen frå alt nedbygd areal skal bli erstatta, samtidig som den samla produksjonen skal bli auka, må avlinga per dekar auke eller nytt areal må dyrkast opp. Dersom nydyrkinga skjer i meir marginale områder, treng ein større erstatningsareal enn det som blir omdisponert. Det meste av nydyrkinga i Noreg skjer i klimasoner som er mindre eigna for matkorn eller andre matvekster, medan det meste av nedbygginga skjer i klimasoner godt eigna for matkorn eller andre matvekster. Nydyrking utfordrar ofte andre samfunnsinteresser. Til dømes er mykje av det beste dyrkbare arealet skogsareal med god eller svært god vekst (bonitet). Nydyrking kan òg gje negative miljøkonsekvensar i form av redusert biologisk mangfald, tap av kulturmiljø, auka utslepp til vassdrag og auka utslepp av klimagassar.
Klimagassutslepp
Nedbygging av jordbruksareal fører til utslepp som tel med i klimagassrekneskapet, både for det nedbygde arealet og frå areal som vert dyrka opp som erstatning. Dersom nedbygd areal vert erstatta av mindre produktive areal, aukar òg utsleppa pr produsert mateining. Når produksjonen vert flytta til mindre produktive areal, krev det større areal eller meir innsatsfaktorar som til dømes energi, gjødsel og plantevernmiddel for å produsere den same mengda mat.
For å redusere utsleppa av klimagassar frå nedbygging av areal, bør det verken bli bygd ut på myr, i skog eller på jordbruksareal. Dersom vi skal nå jordvernmålet utan at desse klimagassutsleppa skal auke, må nedbygging av dyrka jord i stor grad bli erstatta med bygging på allereie bebygd areal eller open fastmark.
I 2004 kom det første konkrete målet om å redusere omdisponeringa av dyrka mark. Sidan 2015 har jordvernpolitikken blitt gjort synleg gjennom jordvernstrategiar. Det er kommunane som er ansvarlege for den største delen av arealbruken i Noreg. Det er difor avgjerande at kommunane er kjent med og respekterer nasjonal arealpolitikk.