Godt stell kan gjere kystlandskapet mindre brannfarleg
Kystlynghei i attgroing er full av brennbart materiale og kan gi store ukontrollerte brannar i utmarka. Den største utfordringa er paradoksalt nok at det brenn for lite i kystlandskapet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppfyringsved til bålet
Frå tid til anna får ein store, ukontrollerte brannar i tidlegare kystlynghei. Brannen på Sotra i Øygarden kommune no i juni er eit døme. Slike brannar ville ikkje ha fått det same omfanget dersom lyngheia var skjøtta. Utan drift blir røsslyngen gamal og grov. Han visnar, og krattskog og einer (brake) tek gradvis over. Dette attgroingslandskapet har mykje tørr kvist og brennbare buskar, og ein brann kan nærast bli eksplosiv.
I godt skjøtta lynghei er det låg vegetasjon og mindre visent gras. Areala brenn dårlegare og med låge flammar, og ein brann er enklare å kontrollere. Tradisjonell drift med beiting og jamleg kontrollert vinterbrenning er den beste skjøtselen. Lyngen treng fornying for å halde seg frisk og grøn, og ha beiteverdi for sauer gjennom vinteren. Lyngen bør sjeldan bli eldre enn 15 år gamal, eller 20-30 cm høg.
Ei lynghei i aktiv drift er den tryggaste naboen med tanke på brannfare. Å la kystlynghei stå utan drift blir som å bere oppfyringsved til den utmarksbrannen som ein dag kan kome.
Målretta samarbeid for å redusere brannfaren
Å fjerne vegetasjon i attgrodd kystlynghei er ekstra viktig nær område der folk bur. Som ein del av det brannførebyggande arbeidet kan kommunen definere kor ein bør ha låg vegetasjon. Då trengst det både planar for å rydde vekk vegetasjonen og for å halde vegetasjonen nede over tid.
Det mest effektive og langsiktige tiltaket er at bøndene har aktiv drift i lyngheilandskapet. For å kunne gjennomføre beiting og jamleg vinterbrenning trengst større samanhengande område, ikkje berre smale striper. Beiteområde og gjerde må planleggast, for å vite kva område som treng rydding.
Den attgrodde kystlyngheia må bli sett i stand med kontrollert brenning i vinterhalvåret. Manuell rydding blir oftast for omfattande, men er aktuelt i tillegg. Restaureringsbrenning er krevjande for bønder og grunneigarar åleine, særleg nær område der folk bur. Det er enklast dersom brannvesenet har høve til å gjennomføre arbeidet, som brannførebygging og som øving. Då kan bonden drive lyngheia vidare. Slik gir ein samstundes rom for biologiske verdiar som er i ferd med å bli sjeldne.
Langsiktig arbeid
Vi ønskjer å ta vare på mykje kystlynghei i hundrevis av år vidare. Då vil vestlendingane ha eit landskap fullt av historie og biologiske verdiar, der ein kan produsere kjøt og lynghonning, og som har store opplevingsverdiar og liten fare for ukontrollerte utmarksbrannar.
Kontaktpersonar
Fiskarbonden sitt landskap
Sidan vikingtida har kysten av Vestlandet vore prega av det opne trelause hei-landskapet med lilla-blomstrande røsslyng på seinsommaren. Fiskarbonden har skapt kystlyngheiene ved å brenne lyngen med jamne mellomrom, og ha dyr på lyngbeite gjennom vinteren. Lyngheiene sikra stabil matforsyning, i kombinasjon med fiske.
Slik har det vore fram til nyleg. I det moderne landbruket var ikkje lyngheiene lenger lønsame nok. Særleg i tida etter 2. verdskrig gjekk dei ut av bruk. Attgroinga skaut etter kvart fart. Mesteparten av lyngheiene er no omdanna til krattskog.
Tilskot for å ta vare på kystlynghei
Kystlynghei er ein sterkt truga naturtype, og skjøtselstiltak er viktig for å hindre at han blir utrydda. Aktuelle tilskotsordningar:
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Regionale miljøtilskot
Tilskot til truga naturtypar