Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket
Vestland fylkeskommune har lyst ut midlar til regionale tilretteleggingstiltak (RT-midlar) innan landbruk og landbruksbaserte næringar. Dei har fått 5,6 mill. kroner til denne ordninga for 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, verdiskaping basert på utmarksressursane og Inn på tunet.
Søknadsfrist er 15. april og 1. oktober. De finn meir informasjon og søknadsskjema på nettsida til Vestland Fylkeskommune.
Kommunar og andre søkarar må gjerne nytte ressurspersonar hjå Statsforvaltaren si landbruksavdeling for å konkretisere ein søknad eller ved gjennomføring av tiltak.
Kontaktpersonar
-
Eirik Brynjelsen
Tlf: 55 57 21 70 -
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72 -
Bjørn-Harald Haugsvær
Tlf: 57 64 30 71 / 48 00 73 75 -
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92 -
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94