Dialogmøte med kommunane om landbruk
Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge i Vestland og Statsforvaltaren i Vestland inviterer kommunane til regionale møte. Jordvern, driveplikt og investeringsverkemidlar er hovudtema. Her kan dei som arbeider med forvaltning og næringsutvikling knytt til landbruket møtast, utveksle erfaringar og lære av kvarandre.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Korleis kan kommunane nytte den nye «Temaplan for landbruk i Vestland 2023-2027» i sitt arbeid? Vi ser særleg på kommunane sitt arbeid med jordvern.
Jordbruksareala er den viktigaste ressursen for matproduksjon i Vestland. Den som eig jordbruksareal er ansvarleg for at det vert drive. Mange driv jorda sjølv, og mykje vert leigd vekk. I Vestland er over 40 prosent av jordbruksarealet leigejord. Korleis sikre at meir areal kjem i drift? Regelverket som gjeld driveplikt er tydeleg, men korleis skal vi handheve det?
Vi vil sjå på korleis kommunane kan nytte landbruksmidlane som fylkeskommunen lyser ut til fellestiltak, og sjå på investeringsverkemidla til Innovasjon Norge. Korleis kan kommunen vere tettare på dei bruka som vil eller skal bygge ut?
Korleis kan kommunen vere sparringspartnar og vurdere søknadar?
Tidspunkt og stad for møta
Det vert arrangert seks ulike møte for tilsette i kommunane. Det første møtet vert 25. april på Stord. Det er sett opp framlegg til kva kommunar som møter kor, men det er høve til å melde seg på eit anna møte dersom det passar betre.
Dato | Møtestad | Kommunar invitert til dette møte |
25. april | Leirvik på Stord | Kvinnherad, Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll |
26. april | Bergen | Bjørnafjorden, Samnanger, Øygarden, Askøy, Bergen, Fedje, Tysnes, Osterøy, Alver, Austrheim, Modalen, Masfjorden |
27. april | Voss | Voss, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Kvam, Vaksdal |
1. juni | Nordfjordeid | Kinn, Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn |
5. juni | Førde | Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Sunnfjord, Fjaler, Askvoll, Solund |
6. juni | Sogndal | Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Vik, Aurland |
Påmelding
Gå inn på Vestland Fylkeskommune sin møtekalender for påmelding.
Du kan bruke denne lenka: Dialogmøte om landbruk