Småskala grøntproduksjon er skreddarsydd for Vestlandet
I år starta det opp to viktige småskalakurs innan produksjon av frukt, bær og grønt. Kursa kan bli modell for andre. Allsidig og intensiv drift tilpassa lokal-sal er viktige stikkord for kursa.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I jordbruksforhandlingane i vår vart det sett av 9 millionar kroner til småskala produksjon av frukt, bær og grønt. Dette gav auka optimisme og motivasjonen for kompetanseheving.
Vestland fylke har rett nok nokre flate og meir samanhengande produksjonsområde for grossistproduksjon, men dei fleste areala er små og oppstykka. Dette gjeld særleg areala rundt Bergen. Skal innbyggarane i Noregs nest største by få fleire lokalproduserte varer og ferskare frukt, bær og grønsaker, må dei dyrkast intensivt og allsidig på mindre areal.
Allsidig med sortsmangfald
Fleire småskalaprodusentar med gardsutsal eller deltaking på Bondens marknad og REKO-ringen, har i lengre tid etterspurt dei rette kursa for frukt, bær og grønnsaksproduksjon. Det fanst spesialiserte kurs med vekt på grossistproduksjon, men dette var ikkje relevant for dei. Småskalaprodusentar vil ha kunnskap om korleis ein driftar med eit sortsmangfald, fleire ulike kulturar og økologisk drift. Mange av dei har som mål å vera eineleverandør av frukt, bær og grønt for kundane sine.
Skreddarsydde kurs
Kompetansesenteret til Sogn Jord-og hagebruksskule har, saman med NLR Vest og Kompetansenavet Vest, utvikla kursopplegg innan allsidig frukt- og bærproduksjon og skaffa gode kurshaldarar. Deltakarane får grundig innføring i dei ulike hovudkulturane av frukt og bær, og oppfølging på eige gardsbruk. Mange av deltakarane har erfaring med lokal-sal, men får oppfrisking i marknadsretta salsarbeid og effektiv gardsdrift. Lønsemd er eit hovudmål, og innføring i LEAN som arbeidsmåte er eit eige tema på kurset. Kurset er støtta av KIL-midlar i landbruket (Landbruksdirektoratet).
Stor interesse for grønsaksproduksjon
Bondens marknad, Landbrukets Økoløft og Fylkesmannen i Vestland gjekk i haust saman om å lage informasjonsmøte om kurset i marknadshagedrift med grønsaker, som startar i november. Det kom over 30 deltakarar på kvart av møta i Sogn og Fjordane og Hordaland, og så langt har mest 30 meldt interesse for kurset. Det tyder på at mange vil starte med grønsaksproduksjon, og vil sikre seg fagleg støtte. Det skal dei mest motiverte no få.
Trygg oppstart
Saman med NLR og Bondens marknad startar det i november opp eit kurs i etablering og drift av marknadshage for lokalsal. Gjennom tre samlingar og sju webinar, skal deltakarane få fagleg og praktisk innføring i allsidig, men intensiv grønsaksproduksjon på 2-5 dekar. Målet er at minst 10 av 30 deltakarar skal starte opp med produksjon i denne skalaen i 2020/21. Dei får også med rådgjevingspakker frå NLR og tilbod om fadder-ordning.
Nettverk med svenskane
Inspirasjon til å lage støtteapparat rundt ferske grønnsaksbønder har arrangørane henta frå Stadsbruk-nettverket, med base i Malmø i Sverige. Prosjektet har som mål å drive rådgiving og nettverksarbeid for auka lønsemd i grønsaksproduksjonen. Arbeidsflyt og god planlegging er viktige stikkord for å få ein slik produksjon til å gå bra. I Malmø har dei testa modellar for marknadshagar, og funne måtar å organisere tilgang til jord for gartnarar som ikkje har gard. I tillegg har dei marknadshageHUB’ar, der uerfarne gartnarar kan få leige areal i 1-3 år og prøve ut ein reell produksjon, i eit tett og fagleg nettverk. Ein studietur til desse nettverka i Malmø og Gøteborg vart arrangert 23.-24. oktober.
Kontaktpersonar
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94