Tilskot til kommunale veterinærtenester 2023
Kommunar og veterinærvaktdistrikt i Vestland kan søke om stimuleringstilskot til veterinærdekning innan fredag 17. februar. Rapport og bruk av tilskot i 2022 skal leverast innan same frist.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stortinget har løyvd 34,28 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2023, og Vestland fylke har vorte tildelt 6 342 000 kroner. Statsforvaltaren i Vestland gjer vedtak om tildeling av midlane etter handsaming av søknadar frå kommunar eller vaktdistrikt i tråd med føringar frå Landbruksdirektoratet, nærmare omtalt i rundskriv 2022-87.
Formål med ordninga
Føremålet med stimuleringstilskotet er å medverke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område, innanfor ordinær arbeidstid.
Prøveordning – kommunen kan setje vilkår om at veterinærar deltek i vaktordning
For tilskotsåra 2021 og 2022 vart det innført ei prøveordning for stimuleringstilskot til kommunar som innebar at det kunne stillas krav om deltaking i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid, for å kunne motta stimuleringstilskot til veterinærdekning. Denne ordninga vert vidareført for tilskotsåret 2023.
Landbruksdirektoratet legg opp til at prøveordninga skal evaluerast i 2023, med utgangspunkt i erfaringane kommunane og statsforvaltarame har gjort seg med den i 2021 og 2022, før dei avgjer om den skal vidareførast i 2024.
Kven kan søkje
Alle kommunar og vaktdistrikt i Vestland kan søkje om midlar til tiltak. Det er administrasjonskommunen som søkjer på vegne av vaktdistriktet om heile vaktdistriktet søkjer saman.
Søknad og rapport i Altinn
Kommunen skal senda søknad og rapport på elektronisk skjema i Altinn.
Frist for å søkje og rapportere er fredag 17. februar.
Ved søknad og rapportering skal kommunen skildre kva type tiltak dei vil prioritere i 2023, og korleis tildelte midlar er brukt i 2022, fordelt på driftsstøtte, etableringsstøtte, etablering av kommunalstilling/løn til kommunalstilling, og anna.
Kommunar som har stilt krav om vaktdeltaking for å få stimuleringstilskot i 2022, skal i rapporteringa også føre opp deira erfaring med denne ordninga.
Føringar og prioriteringar
Rundskriv 2022-87 legg føringar for kva vurderingar statsforvaltaren skal leggje til grunn for løyving, og listar opp følgjande:
- Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar skal prioriterast
- Lågt dyretal og krevjande infrastruktur bør vera blant kriteria for tildeling av tilskot
- At stimuleringstiltaket er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell, vil vere relevant å leggje vekt på
- At det er vanskeleg å rekruttere og behalde veterinær vil vere relevant å leggje vekt på
Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte, driftsstøtte samt å oppretthalde kommunale veterinærstillingar der den tilsette òg kan bidra til å løyse ulike oppgåver i kommunen der veterinærens kompetanse kjem til nytte.