Tilskot til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel 2020
Gjennom regionale miljøtilskot finst det fleire tilskotsordningar for meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestland. Vilkåra for å kunne motta tilskot gjeld all gjødsling gjennom sesongen. De må difor vurdere kva som kan vere relevant no, før vårgjødslinga startar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er tilskot til:
- Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging
- Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
- Kantsone i eng (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
- Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
Forureining frå landbruket er ressursar på feil stad. God utnytting av husdyrgjødsla gir redusert arealavrenning og redusert utslepp til luft. Bruksstruktur, naturgitte tilhøve og økonomi i drifta kan gjere at spreiing av husdyrgjødsel blir utført på ein praktisk måte, utan at dette er mest gunstig for miljøet. Med tilskotsordningane ønskjer vi å bidra til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel.
Les meir om søknadsfrist og vilkår på temaside for regionale miljøtilskot Vestland. Sida er under kontinuerleg oppdatering. Nedanfor har vi kort omtalt dei fire tiltaka, men les all informasjon som ligg i lenka for kvar ordning.
Tilskot som er aktuelle for heile Vestland
1. Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging
Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel på fulldyrka og overflatedyrka areal innan 10. august, der all husdyrgjødsel på eit areal gjennom vekstsesongen er tilført med nedfelling eller nedlegging. Ved nedlegging blir gjødsla lagt i striper oppå jorda med stripespreiar / «blekksprut». Ved nedfelling blir gjødsla plassert ned i jorda. Eit føretak kan søke om tilskot uavhengig av kven som utfører gjødslinga, og vi oppfordrar til leigekøyring. Det er den som disponerer eit areal som kan søke om tilskot for arealet. Ein må føre journal over utført gjødsling.
2. Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange/slepeslange som eit tillegg til tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel, og gjeld ikkje utan bruk av slikt utstyr. Eit føretak kan søke om tilskot uavhengig av kven som utfører gjødslinga, og vi oppfordrar til leigekøyring. Det er den som disponerer eit areal som kan søke om tilskot for arealet.
Tilskot nær prioriterte vassdrag
Einskilde vassdrag i fylket er ekstra utsett for forureining frå jordbruket, eller har førekomst av sårbar elvemusling. Kart viser kva areal som er prioritert som ekstra viktige, og som kan gi rett til tilskot.
3. Kantsone i eng
Tilskotet gjeld prioriterte vassdrag der det blir sett av ei kantsone mot vassdraget som ikkje blir gjødsla eller sprøyta. Gjeld fulldyrka og overflatedyrka areal langs vassdrag med årsikker vassføring. For å kunne mota tilskot, må kantsona i enga vere brei nok. Vidare må det ikkje vere for stor avstand frå enga til vassdraget.
4. Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen
Tilskotet gjeld kartfesta område nær vassdrag med elvemusling der husdyrgjødsel vert spreidd før 10. august på godkjent spreieareal. Kravet til spreietidspunkt gjeld for all spreiing av husdyrgjødsel som føretaket disponerer.