Kunngjering - Endra løyve til Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik
Franzefoss gjenvinning AS avd. Knarrevik har 19. oktober 2020 fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Knarrevik industripark i Øygarden kommune. Løyvet slår saman tidlegare løyve til eitt løyvedokument.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.10.2020
Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane i saka og andre med særleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre veker frå denne kunngjeringa. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.