Søknad om endring av løyve på Ravnanger
BIR Bedrift AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova for avfallsanlegget på Ravnanger (tidlegare Brødrene Salomonsen AS) i Askøy kommune. Frist for uttale er 11. april 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Endringa det vert søkt om
Løyvet som gjeld idag omfattar sortering og omlasting av inntil 10 000 tonn næringsavfall per år. No søkjer dei om å endre løyvet til å kun omfatte trevirke og auke maksimal lagringsmengde frå 300 til 1500 tonn.
Det er søkt om å lagre trevirke utandørs på fast dekke.
Trevirket skal kvernast med mobil kvern omlag 4 gongar i året, og treflis vert transportert ut med bil og vidare med båt frå Hanøytangen.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 11. april 2019.
Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2019/3170. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.