Søknad om mottak av EE-avfall og metallavfall på Ågotnes
Stena Recycling AS søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak og behandling av EE-avfall og metallavfall på CCB, Ågotnes i Fjell kommune. Frist for uttale er 10. august 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er søkt om mottak av 50 000 tonn jern og metall, 5 000 tonn EE-avfall og inntil 3 000 tonn batteri per år. Mottaket skal drivast kvardagar mellom kl. 0700 og 1800.
Sjå søknad med vedlegg til høgre på sida.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 10. august 2019.
Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2019/4386. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.