Tilsyn med avløpshandteringa i Askøy kommune
Fylkesmannen gjennomførte tilsyn 11. og 12. desember 2019 med Askøy kommune med tema avløpshandtering.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 28.04.2020
Målet med tilsynet var å vurdere om det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i kommunen fungerte tilfredsstillande. Tema for tilsynet var mellom anna internkontroll, utslepp til vatn og krav sett i løyve til drift av avløpsanlegga.
Vi fann to avvik:
- Internkontrollen til Askøy kommune er mangelfull for ytre miljø.
- Askøy kommune oppfyller ikkje reinsekrava i forureiningsforskrifta og fleire krav gitt i løyve.
Kommunen har frist innan 15. juni 2020 med å sende ei skriftleg utgreiing som gjer greie for kva tiltak som er gjennomført for å rette avvika og ein framdriftsplan.
Rapporten datert 12. mars 2020 ligg også på www.norskeutslipp.no.
Kontaktpersonar
-
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50 -
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65