Fangst av laks og sjøaure i 2019
Totalt 34 154 kg laks og 6 171 kg sjøaure vart fiska i Vestland i 2019. Av dette vart 5 955 kg tatt i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
To av tre laks fiska i vassdrag i Vestland i 2019 vart tatt i Sogn og Fjordane, 4769 laks i Sogn og Fjordane, mot 2319 stk i Hordaland. Det vart fiska noko meir sjøaure i Hordaland (2339 stk) enn i Sogn og Fjordane (2166 stk).
Hordaland
I vassdraga i Hordaland vart det fiska 6 888 kg laks og 2 713 kg sjøaure.
23 prosent av laksen og 45 prosent av sjøaurane vart sett ut att. Det vart fiska mest laks i Etneelva, med 1 307 kg laks samla og mest sjøaure i Eidfjordvassdraget, med 632 kg.
Det er ikkje opna for sjølaksefiske i Hordaland.
Sogn og Fjordane
I vassdraga i Sogn og Fjordane vart det fiska 21 352 kg laks og 3418 kg sjøaure.
33 prosent av laksen og 48 prosent av sjøaurane vart sett ut att. Det vart fiska mest laks i Flekkeelva, med 2513 kg laks samla og mest sjøaure i Lærdalselvi, med 584 kg.
Det vart fanga 5 915 kg laks og 40 kg sjøaure i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane.
Pukkellaks
Det vart rapportert om fangst av 28 pukkellaks i vassdrag i Vestland i fiskesesongen 2019, 14 i Hordaland og 14 i Sogn og Fjordane. Flest pukkellaks vart fiska i Gaula, med 8 stk.