Fiske etter rømt oppdrettsfisk i sjø i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen opnar for at oppdrettsfisk fanga på garn i Sogn og Fjordane kan avlivast ut oktober 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Om lag 17.000 laks har rømt frå slakteriet i Brekke.
Om fiske i sjø
Det er ikkje lov å fiske laksefisk med garn. I Hordaland og Sogn og Fjordane er det likevel opna for garnfiske etter rømt oppdrettslaks i perioden 1. oktober til 28. februar i enkelte område, og etter særskilde fiskereglar.
Opning for å avlive rømt oppdrettslaks i Sogn og Fjordane
På grunn av den store rømminga frå Brekke, opnar no Fylkesmannen for at bifangst av oppdrettslaks tatt ved garnfiske etter marin fisk i Sogn og Fjordane kan avlivast. Opninga gjeld ut oktober 2019.
Vilkåra for opninga er:
- Berre fisk som ut i frå ytre kjenneteikn kan stadfestast å vera rømt oppdrettsfisk kan avlivast
- Alt fiske skal følgje gjeldande fiskereglar i sjø
- All fangst skal registrerast og rapporterast til Fylkesmannen i Vestland
Meir om fiske i sjø etter rømt oppdrettfisk, finn du på våre sider om fiskereglar.
Kontaktpersonar
-
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47