Forureining frå betongproduksjon er no regulert i forureiningsforskrifta
Formålet med å regulere betongproduksjon gjennom forskrift er å stanse ulovlege utslepp, stille likelydande miljøkrav til bransjen, etablere ein meir einskapleg praksis og sikre likare konkurransevilkår mellom verksemdene.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nye krav til forureining frå betongproduksjon trådde i kraft 1. januar i år. Kapittel 33 i forureiningsforskrifta set mellom anna krav til konsentrasjonsgrenser for tungmetall og suspendert stoff, pH-verdi i utslepp av prosessavløpsvatn, måling og berekning av utslepp av prosessavløpsvatn og handtering av betongavfall. Forskrifta ligg på lovdata.no.
Forskrifta gjeld verksemder som produserer fabrikkbetong, betongvarer og betongelement.
Alle betongprodusentar må sende melding til Statsforvaltaren
Verksemder med nye anlegg eller utvidingar/endringar skal i god tid før oppstart/endring sende inn utfylt skjema til Statsforvaltaren.
Eksisterande verksemder som er omfatta av dette kapittelet, må også sende inn melding med informasjon om verksemda til statsforvalteren innan 1. januar 2024.
Meldinga skal sendast inn på særskilt meldeskjema som ligg på våre nettsider.