Handtering av brøytesnø
Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus, avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og kan derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Miljødirektoratet publiserte i november 2021 ein ny rettleiar om korleis kommunar og næringsaktørar skal handtere snø frå brøyting. Rettleiaren gjev mellom anna informasjon om når snø frå brøyting kan medføre forureining, når deponering av snø frå brøyting krev løyve etter forureiningslova og kva ein søknad skal innehalde.
Statsforvaltaren sine retningslinjer og forventningar til aktørar som driv brøyting og snøhandtering i Vestland fylke er gitt i Statsforvaltaren sitt brev av 12.mars 2021.
Sjå lenke til høgre på denne sida for Miljødirektoratet sin rettleiar og brevet frå Statsforvaltaren i Vestland.
Dette er ein del av Statsforvaltarens arbeid med FNs berekraftsmål
Delmål 6.3: Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis |
Kontaktpersonar
-
Sissel Storebø
Tlf: 55 57 23 17 / 92 82 78 65 -
Astrid Holte
Tlf: 55 57 23 19