Kunngjering - Mellombels løyve til mottak og sortering av massar frå Slettebakken deponi
Veidekke industri MM AS Bergen har 18. juni 2020 fått mellombels løyve etter forureiningslova til mottak og sortering av inntil 300 tonn massar frå Slettebakken deponi.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.08.2020
Løyvet er avgrensa til å gjelde fram til 1. november 2020. Krav i eksisterande løyve gjeld.
Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.