Kunngjering - Endra løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Bømlo kommune

Bremnes Seashore AS, AS Bolaks og Austevoll Melaks AS har 16. juni 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Holevik. Anlegget skal utvidast i areal, og verksemdene har fått oppdaterte løyve etter dagens standard.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2021

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.