Kunngjering - Endra løyve til Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna
Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna har 10. juni 2021 fått endra løyve etter forureiningslova til avfallsanlegget på Storaneset i Bergen kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppdatert løyve tillet mottak, mellomlagring og vidaresending av kasserte blybatteri i tillegg til opprinneleg løyve der verksemda har løyve etter forureiningslova til mottak og behandling av jern og metall, og mottak av EE-avfall og løyve til mottak og behandling årleg av 4000 kasserte køyretøy.
Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane i saka og andre med særleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre veker frå denne kunngjeringa. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.