Kunngjering - Løyve til fjørfeslakteri i Kvam herad
Fylkesmannen har den 11. juni 2020 gitt Økodrift Homlagarden AS løyve etter forureiningslova til fjørfeslakteri på Aksnes. Det er gjeve løyve til årleg produksjon av opp til 600 tonn fjørfe.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Verksmeda skal ha lokalt utslepp av prosessavløpsvatn til bekk (resipient). Det skal opprettast eit program for utsleppskontroll der verksemda blant anna må forhalda seg til strenge reinsekrav.
Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no, og kan lastast ned her.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.»