Kunngjering - Løyve til forureining til Bergen Rideklubb
Bergen Rideklubb på Sletteneset i Bergen kommune har 30. juni 2021 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg for kompostering av hestegjødsel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 02.07.2021
Bergen Rideklubb søkte om å kompostere 750 tonn hestegjødsel og 100 tonn strømateriale. Dette fekk dei løyve til.
Brev med vurdering av saka og løyve finn du til høgre på sida.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.