Kunngjering - Løyve til utslepp frå vassbehandlingsanlegg i Bergen kommune
Bergen kommune har 13. oktober 2021 fått løyve etter forureiningslova for utslepp av reinsa prosessvatn frå Espeland vassbehandlingsanlegg til Skåldalselva.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Espeland vassbehandlingsanlegg skal oppgraderast med nye prosessar, og i tillegg skal vassproduksjonen aukast frå 67 000 m3/døgn til 80 000 m3/døgn. Anlegget skal ha to hygieniske barrierar mot bakteriar, virus og parasittar.
Brev om vurdering av saka og løyve med vilkår finn du til høgre på sida. Løyet er òg kunngjort på www.norske.utslipp.no .
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.