Kunngjering - Løyve til utslepp i samband med bygging av Tverrelvi kraftverk i Voss herad
NGK Utbygging AS har 30. oktober 2020 fått mellombels løyve til utslepp.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.11.2020
Fylkesmannen gir NGK Utbygging AS løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av Tverrelvi kraftverk i Voss herad.
Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.