Kunngjering av løyve til graving i forureina grunn i Øygarden kommune - Rv 555 Sotrasambandet
Statens vegvesen fekk 28. juni 2023 løyve etter forureiningslova til graving i forureina grunn i Øygarden kommune. Løyvet gjeld graving i samband med etablering av ny Rv 555 Sotrasambandet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tiltaksplanar for forureina grunn vert normalt godkjend av kommunane etter forureiningsforskrifta kapittel 2. Øygarden kommune ba Statsforvaltaren overta saka sidan vi allereie var inne i Rv 555 Sotrasambandet med andre løyve. Miljødirektoratet delegerte saka til oss i vedtak 20. april 2023.
Tiltaksplan/søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2021/4176.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35