Løyve til asfaltfabrikk på Åsebø i Askøy

ADL asfalt AS har fått utsleppsløyve for asfaltverk på Åsebø / Askøy næringspark.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.07.2023

Kapasiteten på anlegget er 220 tonn per time. Fabrikken vil også bruke ferdig granulert returasfalt i produksjonen.

Løyvet finn du på høgresida og vil også verte tilgjengeleg frå nettsida www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage 

Partane og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.