Send ein takk til biene!
Når du tek ein bit av årets første norske jordbær, kan du godt sende ein takk til biene. Desse insekta er heilt nødvendige for at økosystem og samfunn skal fungere.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For å setje søkelys på biene og den verdien dei har for oss har FN vedteke at 20. mai skal vere verdsdagen for bier.
Biene er effektive pollinatorar – insekt som fraktar pollen frå blome til blome slik at dei blir befrukta, frø kan utviklast og nye generasjonar av plantar kan dannast. Biene er livsviktige for oss, og dei er sårbare. Små tiltak kan gje store effektar for å ta vare på desse artene, og du kan bidra.
Villbier og deira rolle i naturen og for oss
Folk flest tenker nok på honningbia når det er snakk om bier. Men i norsk natur finn vi meir enn 200 andre artar av bier – villbier. Våre 35 artar av humler er òg bier. Villbiene og deira rolle i naturen har ein enorm verdi.
Bier høyrer inn under same insektordenen som veps. Det er kjent ca. 20 000 biearter i verda, og 207 artar av villbier er kjent i Noreg. Variasjonen i villbiene sitt levesett, utsjånad, storleik og tilpassing er stor, og til saman klarer dei å pollinere det meste av blomsterplantar i norsk natur.
Biene bidreg òg til produksjon av mange av matvarene våre, som frukt og bær. 30 prosent av alt det vi et er avhengig av insekta, og verdien av bier og andre pollinatorar sitt arbeid er anslege til godt over tusen milliardar kroner årleg på verdsbasis. Dei fortener ein takk for det!
Slik er biene nødvendige for at både økosystem og samfunn skal fungere. Om det blir færre bier, er det eit varsko om at noko ikkje står bra til i naturen.
Menneskeleg verksemd trugar villbiene
Det er menneska, og vår verksemd som er hovudårsaka til at mange av villbiene slit i dag. Meir intensivt landbruk, attgroing med framande artar, utbygging og andre faktorar reduserer biene sine matfat, og dei er i dag truga på verdsbasis.
I Norge er 1/3 av dei einslege biene blitt så sjeldne at dei er førte opp på raudlista, og tolv av dei blir rekna som utdøydde i Norge.
Kunnskap kan gje handling
Skal vi unngå å miste fleire artar av villbier, må vi handle før det er for seint.
Arbeidet med å sikre at artane overlever kan starte med kunnskap. Derfor har Fylkesmannen i Oslo og Viken laga ein brosjyre om dei einslege villbiene (sjå til høgre på sida for lenke til denne brosjyren) med lett tilgjengeleg, nyansert informasjon og bilete.
Start i eigen hage
Om vi lærer meir om korleis vi skal forvalte naturen rundt oss, kan biene nyte godt av det. Det er mykje du kan gjere i eigen hage, som å lage biehotell, lære deg kva slags blomar dei ulike bieartane føretrekker, og kva slags framande artar du bør unngå og helst bidra til å ta vekk. Du kan søke økonomisk støtte til tiltak som kan bidra til å legge til rette for ville, pollinerande insekt. Meir informasjon finn du i brosjyren.
Ta med brosjyren ut, og begynn det viktige arbeidet. Og nyt årets jordbær!
Denne saka vart først publisert på heimesidene til Fylkesmannen i Oslo og Viken.