Lisensjakt på jerv
Rovviltnemda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lisensjakta gjeld for heile Hordaland og Sogn og Fjordane. Jakttida for jerv er frå 10. september 2020 til 15. februar 2021.
Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv. Jervejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.
Jegerar som skal på jervejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv, eller løyser skot mot jerv, skal straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.