Freda tre i Vestland
Fram til 1970-talet vart enkelte store eller spesielle tre i Noreg freda ved lov. Mange av desse står framleis. Under finn du litt om bakgrunnen for fredinga av enkelttre, og ei liste over alle freda tre i Vestland, med ei lenkje til ein omtale av treet i Naturbase.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bakgrunn
I perioden 1920-54 vart det freda ei rekkje enkelttre eller grupper av tre i Noreg, med heimel i "Lov om naturfredning av 25. juli 1910". Trea vart verna som såkalla «naturminne». Vernet hadde både eit naturvitskapleg og kulturelt formål, og freda førekomstar skulle vere naturdokument eller ha ei spesiell kulturhistorie. Nokre tre er òg verna etter 1954, med heimel i "lov om naturvern av 1954", og nokre få tre er verna med heimel i "lov om naturvern av 1970".
I tillegg til spesielle tre, er òg nokre spesielle geologiske førekomstar verna som naturminne. Berre to slike finst i Vestland – Grytting naturminne i Stad og Fjøsanger naturminne i Bergen. Rundeholmen i Opsangervatnet ved Husnes i Kvinnherad er verna som naturminne på grunn av kulturhistorie.
I dag er naturvernlova avløyst av naturmangfaldlova, og det er ikkje lenger praksis å frede enkeltobjekt på denne måten. Dei gamle vernevedtaka gjeld likevel framleis.
Hole eiker
Eiketre over ein viss storleik har status som utvald naturtype etter naturmangfaldlova. Slike tre er ikkje freda, men kan likevel ikkje fellast utan vidare. Dette finn du meir om på nettsida hule-eiker.no.
Mange freda tre i Vestland
Vestland er det fylket i landet som har flest freda tre. Talet på slike fredingar i Hordaland var oppe i 53, men er no 31. Tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er høvesvis 29 og 9. Fråfallet skuldast stort sett alder og vindfelling. Heller ikkje gamle tre varar evig, men mange er biologisk viktige lenge etter at dei er døde.
Faktaark for freda tre i Vestland
Faktaarka er òg tilgjengeleg på miljøstatuskartet.
Alver, Eidsnes indre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002186
Alver, Spjeldnes: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002153
Aurland, Hatle - Styve: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002154
Bjørnafjorden, Holdhus: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002146
Bjørnafjorden, Lien, hassel: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002149
Bjørnafjorden, Ytre Haugland: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002148
Bjørnafjorden, Øvredal: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002150
Bergen, Rieber Mohnsvei: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002125
Bergen, Nyhaugen: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002182
Bergen, Tveiterås: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002183
Bergen, Nylundsveien: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002185
Bremanger, Førde: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002073
Eidfjord, Erdal: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002092
Etne, Kambe: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002126
Fitjar, Gloppen: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002128
Gloppen, Andenes: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002082
Høyanger, Måren: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002077
Kvam, Tveit indre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002143
Kvam, Sandven: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002065
Kvam, Berge: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002178
Kvam, Nes: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002145
Kvinnherad: Tveit ytre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002134
Kvinnherad, Støen: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002130
Kvinnherad, Halsnøy kloster: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002131
Kvinnherad, Rød: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002132
Kvinnherad, Skarpsbråtet: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002133
Modalen, Otterstad: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002152
Osterøy, Hekland: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002066
Samnanger, Ådland: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002147
Stryn, Hatleim: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002083
Ullensvang, Lote: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002135
Ullensvang, Velure: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002017
Ullensvang, Djønno ytre: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002136
Vaksdal, Dalseide: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002151
Vik, Nese: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002078
Vik, Vangsnes: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002079
Voss, Istad: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002139
Voss, Lid: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00002187
Årdal, Eldegard: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002081
Årdal, Vettesmork gård: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002158
Andre naturminne
Bergen, Fjøsanger: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000657
Kvinnherad, Rundeholmen: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000348
Stad, Grytting: https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00000856
Kontaktpersonar
-
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15