Høyring

Kommunen skal sende saka på høyring til Statsforvaltaren dersom administrasjonen eller politisk nivå er innstilt på å gje dispensasjon, og før kommunen gjer endeleg vedtak. Vi har laga ei oversikt over kva type saker vi vil ha på høyring og ei sjekkliste for kommunene som viser kva for informasjon som skal følgje sakene på høyring.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2022, Sist endra 10.01.2023

Kva saker skal Statsforvaltaren ha på høyring?

01.10.2020: NB! Denne teksten skal vurderast på nytt, og det kan såleis bli gjort endringar/justeringar når det gjeld kva saker vi skal ha på høyring. 

Statsforvaltaren skal i utgangspunktet ha tilsendt alle dispensasjonssaker i strandsona (100-metersbeltet langs sjøen, jf. pbl. § 1-8), i LNF-område der landbruksinteresser vert berørt og i saker der andre av våre sektorinteresser vert råka. 

Statsforvaltaren skal ha tilsendt alle dispensasjonssaker, uavhengig av kor tiltaka er lokalisert,  som gjeld bygging av mindre vegar (dei som ikkje utløyser reguleringsplikt), masseuttak/steinbrot, massedeponi og andre tiltak som i seg sjølv eller samla sett grensar til reguleringsplikt. 

I det følgjande er det lista opp ein del presiseringar når det gjeld saker som vi skal ha tilsendt: 

1) I område som i kommuneplanen er sett av til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF), og som i tillegg ligg i/eller har konsekvensar for:

  • ubygde/urørte område
  • 100-metersbeltet langs vassdrag
  • biologisk mangfald, som t.d. prioriterte eller utvalde naturtypar, prioriterte artar, raudlista artar og viktige viltområde eller andre område som ikkje er kartlagde men som kan ha verdi for biologisk mangfald. 
  • verdifulle kulturlandskap (jf. dei kommunevise rapportane) og stølsområde
  • viktige landskapskvalitetar (basert på skjønnsvurdering, og viktige regionale og nasjonale landskapskvalitetar)
  • randsoner kring verna område, jf. § 6 og § 49 i naturmangfaldlova
  • lokalt, regionalt og nasjonalt viktige område for friluftsliv og allmenn ferdsel
  • kvartærgeologiske verdiar

2) I område som i komuneplanen er sett av til grønstruktur 

3) I område som i kommuneplanen er sett av til bruk og vern av sjø og vassdrag, t.d. natur- og friluftsområde, område for akvakultur

4) I område som er omfatta av plan- og bygningslova § 1-8 Forbod mot tiltak m.v. langs sjø og vassdrag. Presisering: Vi skal som utgangspunkt ha tilsendt dispensasjon for alle tiltak omfatta av pbl. § 1-6. I tillegg til frådeling og/eller oppføring av bygningar skal vi ha tilsendt alle saker som gjeld t.d. moloar, flytebryggjer, kaiar/bryggjer og plattingar i og ved sjøen. I sone 3 vil vi likevel ikkje ha tilsendt alle saker som gjeld mindre tiltak i frå før nedbygde område og på bebygd eigedom (bustad eller fritidsbustad) der eksisterande bygning ligg lenger frå sjøen enn 30 meter, og der tiltaket samtidig kjem lengre vekk frå sjø enn hovudbygningen. Tiltaket må heller ikkje få negative verknader for natur, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.

5) I område som i reguleringsplan er avsett til "grøntformål" (t.d. friluftsområde, friområde, naturområde). 

6) I eller nær område med ureina grunn (på land) eller sediment (i sjø)

7) I område der kommunen sjølv vurderer å ha nasjonal/regional interesse eller ligg innanfor Statsforvaltaren sine fagområde.

ersom kommunen er usikker på om ei sak skal sendast på høuring til Statsforvaltaren , oppmodar vi kommunen om å ta kontakt med oss for å få ei vurdering. I nokre tilfelle vil vi kunne gi fråsegn i saker der kommunen er i tvil, særleg i saker som kan skape presedens, og som er av prinsipiell karakter.

Sjekkliste: Kva for informasjon skal følgje sakene?

Når kommunane sender dispensasjonssaker på høyring er det svært viktig at sakene er godt opplyste. Godt opplyste saker medverkar i neste omgang til å sikre rettstryggleiken og gje ei effektiv handsaming av dispensasjonssakene. Vi har laga ei sjekkliste for kommunane for å sikre at alle relevante opplysningar er med ved oversending av dispensasjonssaker på høyring. Lista inneheld tema og vurderingar som er viktige å ha med i ei dispensasjonssak. Vi føreset at kommunane nyttar denne sjekklista i førebuinga av sakene. Kommunen kan anten svare på punkta i sjekklista i eigen omtale eller leggje ved utfylt sjekkliste når saka vert sendt på høyring. Saker som er mangelfullt opplyste og utgreidde vil vi sende tilbake til kommunane for vidare utgreiing.

Sjekkliste ved oversending av dispensasjonssaker til Statsforvaltaren

Sjekklista ligg også som Excel-rekneark under releterte dokument oppe i høgremenyen. Denne kan kommunen nytte til å skrive i og leggje ved når saka vert sendt på høyring.   

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.