Miljøvern

Sentrale miljøutfordringar i arealforvaltninga og planlegginga i fylket vårt er å ivareta strandsona, fjordlandskapet, biologisk mangfald, inngrepsfrie naturområde og dyrka mark og å redusere klimagassutslepp. For å få til ei heilskapleg arealforvaltning som tek omsyn til desse interessene, og som samtidig legg til rette for utbygging og utvikling i fylket, er det viktig at kommunane prioriterer arbeidet med kommuneplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019, Sist endra 10.01.2023

På denne sida er det samla informasjon og rettleiing om miljøtema som skal leggjast til grunn for arealplanlegginga i kommunane.

Viktige miljøtema i arealplanlegginga

Strandsona
Naturmangfald
Landskap
Klima
Fjellområda
Leveområde for villrein
Vassdrag
Friluftsliv
Støy

Utbyggingstiltak i arealplanlegginga

Fritidsbusetnad
Byar og tettstader

Strandsona

Strandsona skal takast vare på som verdifullt natur- og friluftsområde for allmenta. Plan- og bygningslova (pbl) gjev nye og innskjerpa føringar for strandsona. I § 1-8 heiter det: "I 100-metersbeltet langs sjøen og langs vassdrag skal det tas særlig hensyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser".

Statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen

Dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen har som mål å tydleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen. Målet er å ivareta allmenne interesser og unngå uheldig utbygging langs sjøen. Kystkommunane er delt i tre kategoriar med geografisk differensiering, der vernet er gjort strengast i sentrale område der presset på areala er stort. Sogn og Fjordane er i gruppa med mindre press på areala, dvs. kategori tre.

Regional tilpassing i Sogn og Fjordane

Fylkesdelplan for arealbruk fastset konkrete mål og retningslinjer for strandsone­forvaltninga i Sogn og Fjordane frå fjord til kyst. Strandsonerettleiaren for Sogn og Fjordane gjev også råd om forvaltninga av strandsona med bakgrunn i gamal plan- og bygningslov. Dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, måla og retningslinene i Fylkesdelplanen for arealbruk, saman med Miljøverndepartementet sine motsegnavgjerder i plansaker som gjeld arealbruk i strandsona, er styrande for den regionalt tilpassa strandsoneforvaltninga her i fylket.

Byggjegrense mot sjø

For å kunne fråvike byggjeforbodet i 100-metersbeltet må kommunen fastsetje byggjegrenser mot sjø (jf. pbl. § 1-8 tredje ledd). Byggjegrenser må fastsetjast for nye område som er tenkt lagt ut til utbygging i ny kommuneplan og område som er sett av til utbygging i gjeldande kommuneplan.

I allereie utbygde område i 100-metersbeltet langs sjøen bør det som ein hovudregel ikkje opnast for vidare utbygging nærare sjøen enn eksisterande utbygging. Eventuell utbygging nærare sjøen enn 50 meter, bør berre skje etter at ei konkret vurdering syner at utbygging ikkje kjem i konflikt med strandsoneverdiar. I by- og tettstadsområde skal det leggjast vekt på trong for fortetting og sentrumsutvikling.

Fornying/føremålsendring av gamle, utbygde byggjeområde i strandsona

I mange kommunar finst det gamle, utbygde areal ved sjøen som det er ynskje om å fornye. Dette kan t.d. vere gamle industriområde/næringsområde eller naustområde. Dersom det er aktuelt å nytte slike område til nye føremål, bør det i kommuneplanprosessen først vurderast om det i kommunen/nærområdet er trong for meir areal til sjøretta verksemd, slik som småbåthamner eller næringsområde med sjøtilgang. Ved å nytte allereie utbygde område til slike føremål, kan ein unngå nedbygging av ubebygd strandsone.

Der det vert lagt til rette for fornying/føremålsendring av gamle, utbygde byggjeområde i strandsona, er det ei nasjonal arealpolitisk føring at områda nærast sjøen vert sikra for allmenn tilgang. Statsforvaltaren tilrår at det vert sett rekkjefølgjekrav til opparbeiding av strandsona for ålmenta.

Næringsverksemd i strandsona

Behovet for næringsutvikling og arbeidsplassar kan tilleggjast vekt i vurderinga av utbygging i 100-metersbeltet. Desse omsyna må vegast opp mot omsynet til dei allmenne strandsoneinteressene.

Nokre næringsområde er avhengige av å liggje ved sjøen. Dette kan til dømes gjelde industri som treng hamn i nærleiken og sjøretta reiselivsanlegg. Når det gjeld reiselivsanlegg, kan eksisterande bygningsmasse som står ubrukt, til dømes gamle sjøbruksmiljø, vere eit alternativ. Gjennom bruksendring kan slike bygg vernast gjennom bruk.

Naustområde og småbåthamner

Det er viktig at kommunen styrer utlegginga av nye naustområde og småbåtanlegg gjennom kommuneplanarbeidet. Det er uheldig dersom bygginga av naust, kaiar og mindre småbåtanlegg skjer spreidd i medhald av meir eller minde tilfeldige dispensasjonar.

Naust er å rekne som uthus. Naustbygging bør skje samla i grupper, og helst i område med naust frå før. For å unngå at naust vert omdisponert til fritidsbustad er storleik og utforming avgjerande. Kommuneplanar med naustområde må innehalde klare føresegner som styrer storleik og utforming.

Felles småbåtanlegg og vinterlagringsplassar utanfor strandsona er etter Statsforvaltaren sitt syn den beste løysinga for oppbevaring av båtar. Slike anlegg bandlegg mindre strandsone enn det naust for eit tilsvarande tal båtar vil gjere. Småbåthamner bør lokaliserast til stader der utbygging kan skje utan store inngrep i landskapet eller i sjøen. Stader med enkel tilkomst frå landsida, og med naturleg skjerming for vêr og stor sjø er å føretrekkje. Slik kan ein unngå sprenging, planering og bygging av molo. Det er også viktig å unngå konflikt med viktige friluftsområde og naturverdiar.

Fritidsbustader i strandsona

I samband med rulleringa av kommuneplanen får mange kommunar innspel om utlegging av nye område for fritidsbustader i strandsona. Nye byggjeområde for fritidsbustader nær sjøen er ikkje i samsvar med nasjonale arealpolitiske føringar. Når det kjem slike innspel, rår Statsforvaltaren kommunane til å informere forslagsstillar om dette, og i staden be om innspel lenger frå eller utanfor strandsona. Dersom tilgang til sjø og båtplass er ein del av framlegget, rår Statsforvaltaren kommunen til å sjå etter eigna område for småbåthamn som kan knytast opp mot område for fritidsbustader.

Revisjon av gamle planar i strandsona

Mange stader gjeld gamle planar som opnar for uheldig utbygging i strandsona. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) er det framheva som viktig at kommunane tek slike forelda planar opp til revisjon. Kommunane bør som ein del av rulleringa av kommuneplanen sin arealdel vurdere om utbyggingsområde skal endrast eller takast ut av planen.

Lenkje til:

Naturmangfald

Naturmangfoldlova omfatter all natur, og gjeld for alle sektorar som forvaltar naturmangfold eller fattar vedtak som har konsekvenser for naturmangfaldet. Lova gjeld saman med andre lover som virkar inn på eller regulerer bruk av norsk natur. I og med at lova gjeld på tvers av sektorar, vil den gje ei betre samordning av den samla forvaltninga av naturmangfoldet.

Naturmangfald vert definert som variasjonen av levande organismar (biologisk mangfald), landskap og geologiske tilhøve.

Det er eit nasjonalt mål at tap av biomangfald skal stoppast, og arealbruken skal støtte opp om dette målet (St.meld 26 (2006 - 2007)). Arbeidet med kommuneplanane kan ha stor verknad på lokalt og regionalt biologisk mangfald. For eksempel er heile 87 prosent av raudlisteartane (klassifisert som nær trua eller trua) trua som følgje av ulike arealendringar (Nasjonal raudliste 2010).

Statsforvaltaren si statusside om biologisk mangfald

Statsforvaltaren i Sogn og Fjordane har laga ei statusside med oversikt over tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald i kommunane. Her vil du finne status for arbeidet med kartlegging av biologisk mangfald, rapportar frå naturtypekartlegging, lenkjer til nettstader med informasjon om naturtypar og artar, og rettleiingar til bruk av nettstader som Artskart og Artsobservasjonar.  

Kunnskapsbasert arealforvaltning

Plan- og bygningslova er vår viktigaste areallov, og er m.a. viktig for å sikra ei god forvaltning av natur­­­­­mangfaldet. Det er krav til planomtale med vurdering av verknader for ulike interesser og omsyn for alle planar. For planar med vesentlege verknader for miljø og samfunn, er det krav om særskild omtale, konsekvensutgreiing.

Naturmangfaldlova (nml.) set sterkare krav til vurderingar av tema som t.d. biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova.

For det første skal naturmangfaldlova sitt formål i § 1 vektleggast ved utarbeiding av areal­planar og i dispensasjons­saker. Også forvaltningsmåla for naturtypar og økosystem (§ 4) og artar (§ 5) gjeld for all forvaltning av natur. Lova inneheld vidare nokre sentrale prinsipp i §§ 8 til 12 (dei ”miljø­rettslege prinsippa”) som skal leggjast til grunn som retnings­linjer for all offentleg myndigheitsutøving som vedkjem natur­mangfaldet. Dette er lovfesta i nml. § 7, som også seier at vurderinga av prinsippa skal gå fram av vedtaket.

Kommunane skal syte for at vurderingar etter desse prinsippa i lova kjem tydeleg fram i saksutgreiing og i vedtak.

Statsforvaltaren har laga eit skriv om bruk av naturmangfaldlova i plan- og dispensasjonssaker, og forholdet til KU-forskrifta.

Nok areal sikrar artsmangfaldet

Tek ein vare på leveområda vil ein også berge artsmangfaldet. For å redusere tap av artsmangfald vil det vere viktig at det vert sett av nok naturprega areal t.d. i arealdelen til kommuneplanen slik at artar og naturtypar kan utvikle seg naturleg.

For å hindre innavl i særleg sårbare populasjonar må desse areala også i størst mogleg grad ”bindast saman” med hjelp av korridorar. På den måten vert ikkje artane/individa i ulike område isolerte frå kvarandre. Forvaltingsmål for artar og naturtypar er sentrale, og seier at slike førekomstar skal vere i levedyktige populasjonar i naturlege utbreiingsområde (§§ 4 og 5 i naturmangfaldlova).

Kunnskapsgrunnlaget

For å unngå å skade naturmangfaldet i samband med endringar i arealbruken, må kommunen ha kunnskap om naturverdiane. Kartleggingar av naturtypar og artar må leggjast til grunn ved utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel. Funn av sårbare artar eller naturtypar, eller sannsyn for at det finst slike førekomstar i ønskja utbyggingsområde, kan føre til krav om ytterlegare kartleggingar eller vurdering av alternative løysingar (§ 12 i naturmangfaldlova). Slik oppdatert informasjon kan vere viktig for å få saka tilstrekkeleg opplyst til å fatte gode vedtak (jf. § 17 i forvaltingslova og § 8 i naturmangfaldlova).

Forskrift om konsekvensutgreiingar (KU) set eit generelt krav om konsekvensutgreiing ved utlegging av nye utbyggingsområde i kommuneplanen sin arealdel. I utgangspunktet skal ein nytte eksisterande kunnskap, men ny kartlegging kan også vere naudsynt for gje eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag til å fatte vedtak om endra arealbruk.

Ekstra vern om prioriterte artar og utvalde naturtypar

Direktoratet for naturforvalting har føreslege 12 artar som prioriterte og 5 naturtypar som utvalde etter naturmangfaldlova. Desse vil få eigne sentrale forskrifter etter lova og dermed få eit sterkare "vern" enn i dag. (Oppdatere....)

Det må takast eit særleg omsyn til desse førekomstane i kommuneplanen, og i nokre tilfelle vil det vere naturleg å markere desse som omsynssone (pbl. § 11-8).

Synleggjering av dei nye forvaltingsprinsippa

Konsekvensutgreiinga og saksutgreiinga, som skal ligge til grunn for endeleg vedtak av kommuneplanens arealdel, skal alltid ta med vurderingar av kunnskapsgrunnlaget på naturmangfaldtema og dei andre miljørettslege prinsippa (§§ 7-12). Manglar tekst......

Lenkjer

Statsforvaltaren har også tilgang til ikkje offentlege kart over sårbare artar.

Landskap

Miljøkvalitetar i landskapet skal sikrast og utviklast gjennom auka kunnskap og bevisst planlegging og arealpolitikk. Landskapsmessig mangfald inngår i naturmangfaldet, jf. formålsparagrafen i naturmangfaldlova. Her står det: "Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern..."

Europarådet sin landskapskonvensjon frå 2004 har som mål å verne, forvalte og planlegge landskapet. Konvensjonen tar ikkje sikte på å hindre endringar, men å påverkje endringane i rett retning og ta vare på kvardagslandskapet. Omsynet til landskapet er også tydeliggjort i dei nasjonale arealpolitiske måla. Å sikre at omsynet til landskapet vert ein del av den heilskaplege planlegginga er viktig.

Lenkjer

Klima

Arealpolitikken skal leggje til rette for redusert utslepp av klimagassar. Det er utarbeida Statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning. 

Formålet med desse planretningslinjene er å:

  • Sikre at kommunane arbeidar aktivt med å redusere klimagassutslepp
  • Sikre meir effektiv energibruk og miljøvennleg energiomlegging i kommunane
  • Sikre at kommunane brukar eit breitt spekter av sine rollar og virkemiddel for å redusere klimagassutslepp

Denne statlege planretningslinja skal legges til grunn ved (jf. plan- og bygningsloven § 6-2):

  • Statleg, regional og kommunal planlegging etter plan- og bygningslova
  • Enkeltvedtak som statlege, regionale og kommunale organ gjer etter plan- og bygningslova  eller anna lovggjeving ivning.

Det er laga utfyllande kommentarer til den statlege planretningslinja. 

Klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk skildrar m.a. overordna tiltak på tvers av dei fleste sektorane i Norge for å få ned klimagassutsleppa. Plan- og bygningslova er eit av verkemidla kommunene har for å redusere utslepp av klimagassa. Både samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen er viktige overordna planar i arbeidet med å få ned klimagassutsleppa. 

Det er viktig at kommunen legg opp til eit utbyggingsmønster med fortetting rundt eksisterande infrastruktur og minst mogleg køyring til daglege gjeremål. Dette reduserer trongen for transport og gjev grunnlag for sterkare satsing på kollektivtrafikk, sykkel og gange. Når det gjeld spreidd utbygging bør dette berre skje for å sikre busetnad i konkrete avgrensa område. I 2014 kom det nye "statlige planretningslinjer for samordnet bolig-, areal- og transportplanlegging". Desse retningslinjene erstattar Rundskriv T-5/93 "Rikspolitiske retningslinjer for samordnet areal- og transportplanlegging".

Senterstrukturen i kommunen må avklarast i samsvar med dei arealpolitiske retningslinene for senterstruktur. Dei statlege planføresegnene om kjøpesenter set krav om at etablering av kjøpesenter må vere i samsvar med godkjent fylkesplan for å styrkje eksisterande by- og tettstadsenter og bidra til miljøvenlege transportval.

Den nye plan- og bygningslova gjev høve til å krevje tilrettelegging for vassboren varme. Dette er særleg aktuelt i samband med utbygging av nye næringsområde og større offentlege bygg. Når det gjeld utbygging av nye bustadområde bør eit eventuelt krav om vassboren varme sjåast i samanheng med dei skjerpa krava til energibruk i teknisk forskrift. Det er eit mål at alle kommunar skal ha eigen klima- og energiplan. Det er viktig at denne vert integrert i både samfunnsdelen og arealdelen.

Lenkjer

Fjellområda

Fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og naturressursar, næringsmessig utnytting og friluftsliv vert sikra og innbyrdes utfyller kvarandre.

Leveområde for villrein

Leveområda til villrein skal sikrast gjennom betre kunnskapsgrunnlag og varige grenser mot utbygging i regionale og kommunale planar.
Villrein er ein norsk ansvarsart og det er viktig at leveområda ikkje vert oppsplitta. Ferdsel, utbygging og aktivitet i randområda til leveområda er problematisk. Arealdelen bør ta denne utfordringa inn over seg og synleggjere leveområde for villrein som tydeleggjering av dei aktuelle LNF-områda. 

Vassdrag

Vassdraga skal forvaltast gjennom ein heilskapleg arealpolitikk som tek vare på vassdragslandskap, vassdragsbelte og vassressursar.

Vegatasjonsbeltet langs elvekanten skal ha særleg merksemd ved planlegging i og langs vassdrag. Kantvegetasjonen er spesielt rike og verdifulle område med stort artsmangfald, den aukar fiskeproduksjonen og reduserer eventuell ureining til vassdraga. 

Det er eit krav at kommunane vurderar byggjeforbod opptil 100 meter for vassdrag med natur-, frilufts- eller kulturverdi, jf. pbl. § 1-8, siste ledd. Denne vurderinga bør gjerast i samband med rulleringa av arealdelen. Verna vassdrag må synleggjerast i plankartet og føresegnene. Eigna område for småkraftproduksjon kan visast som areal for spreidd næringsutbygging i LNF-områda etter §11-7 nr 5b. Det er eit krav at omfang, lokalisering og føremål er nærmare spesifisert i planen.

Når det gjeld mindre elvar og bekkar bør bekkelukking så langt som råd unngåast fordi slike inngrep vil øydeleggje både den biologiske funksjonen og landskapsfunksjonen til elva eller bekken. Ved behov for kulvertar eller stikkrenner i område på fiskeføranden strekningar (laks og/eller aure) er det avgjerande at fisken sin frie gang ikkje vert hindra.

Etter vassforskrifta skal alle vassforekomstar i Noreg ha minimum "god økologisk tilstand". Forskrifta opnar ikkje for at det kan gjennomførast tiltak som fører til at tilstanden vert dårlegare, med mindre det kan vere grunnlag for unntak i tråd med § 12 i forskrifta.

For planar om tiltak i og ved vassdrag må kommunen avklare med NVE og Statsforvaltaren om tiltaket må handsamast etter vassressurslova og/eller lakse- og innlandsfisklova.

Lenkjer

Friluftsliv

Friluftsliv er eit fellesgode som må sikrast som kjelde til god livskvalitet, auka trivsel, betre folkehelse og berekraftig utvikling, jf. St. meld 26 (2006-2007).

Statsforvaltaren rår til at viktige friluftsområde vert tydeleggjort i planarbeidet, til dømes som omsynssoner, og at områda som er registrerte som nasjonalt og regionalt viktige friluftsområde i Fylkesdelplan for arealbruk (tidlegare fylkesdelplan for friluftsliv) vert viste i planen.

Lenkjer

  • DN-håndbok 24 - 2003: Marka - Planlegging av by- og tettstednære naturområder


Støy

Støy kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg i byar og tettstader og nær sterkt trafikkerte vegar. Ny retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging
(T-1442) vart fastsett av Miljøverndepartementet 26.01.05. Føremålet med denne er å førebygge støyplager og ta vare på stille og lite støypåverka natur- og friluftsområde. I følgje ny rettleiar til støyretningslina (TA-2115/2005) er kartfesting av støysoner mellom dei viktigaste punkta i retningslina. På plankartet bør det visast raude og gule soner rundt alle viktige støykjelder. Kommunen bør også synleggjere grøne soner (stille område) slik at desse betre kan takast vare på gjennom arealplanlegginga. Fråvær av støy er ein føresetnad for at frilufts- og rekreasjonsområde skal ha fullgod verdi.

Lenkjer

Fritidsbusetnad

Fritidsbusetnad skal lokaliserast og utformast med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk. Det er eit nasjonalt mål at fritidsbusetnad ikkje skal redusera store samanhengande naturområde, viktige naturverdiar, kulturmiljø og verdifulle landskap. Utbygging av fritidsbustader skal skje med vekt på omsynet til ressursbruk og estetikk.

Prinsippa for ein berekraftig fritidsbusetnad er nærmare konkretisert i rettleiaren ”Planlegging av fritidsbustader”. Kommuneplanen bør leggje vekt på å avklare følgjande:

  • Sikring av viktige landskaps-, natur- og kulturverdiar og allmenta sitt høve til ferdsel og fleirbruk.
  • Tal på hytter, storleik og standard.
  • Opprydding i eventuelle eldre, ikkje gjennomførte hytteplanar.
  • Løysingar for energibruk, vatn/avløp, vegutbygging, parkering og motorferdsle.

Vi vil oppmode kommunen om å utvikle ein differensiert hyttepolitikk, der ein tek stilling til kva område som toler tyngre utbygging og kva område som ikkje gjer det. Dette bør gå fram av føresegner og retningsliner til kommuneplanen.

Lenkjer

Byar og tettstader

Byar og tettstader skal utviklast slik at livskvalitet og helse vert fremja gjennom god stadutforming og bustadkvalitet. Uteareala skal vere tilgjengelege og ha høg kvalitet. Grønstrukturar skal vere samanhengande og ha gode koplingar til kringliggande naturområde.

Lenkjer

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.