Off. ettersyn

Når det ferdige planframlegget ligg føre, eventuelt med fleire utbyggingsalternativ, skal framlegget sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen skal vere minimum seks veker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019

Statsforvaltarens prioritering av plansaker på høyring

Statsforvaltaren vurderer og gjev fråsegn til alle planframlegg som vert sendt på høyring. Kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar der nasjonale eller regionale interesser er råka vert prioritert.

Ved offentleg ettersyn går vi mindre grundig inn i reguleringsplanar der arealbruken er i samsvar med kommuneplanen enn reguleringsplanar som er i strid med overordna plan. Dersom reguleringsplanframlegget er i samsvar med kommuneplanen, må det liggje føre nye og tungtvegande grunnar for å fremje motsegn mot planen. 

Høyringsfrist

Framlegg til kommuneplanar og reguleringsplanar skal leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring til regionale styresmakter etter reglane i pbl. §§ 11-14 og 12-10. Høyringsfristen skal ikkje vere kortere enn seks veker. I tilfelle der høyringsperioden omfattar tidsrom då det er ferietid bør høyringsfristen utvidast.

Høyring av regionale styresmakter

Ved offentlig utlegging skal fylkeskommunen, Statsforvaltaren og berørte statlige fagorgan få tilsendt planforslag for kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar til formell uttale.

Kommunen har ansvar for at saka er godt nok opplyst til at aktuelle fagorgan kan ta stilling til planframlegget. Vurderingar innafor dei fagfelt som er relevante for planen (t.d. miljøvern, landbruk, samfunnstryggleik, støy, folkehelse, barn og unge sine interesser m.m.) skal inngå i planomtalen. 

Statsforvaltarens oppgåve er å gi faglege merknader til planframlegget ut frå nasjonale og regionale mål og retningslinjer. Ut frå faglege vurderingar skal det gjevast klare signal om planen er i tråd med nasjonale og regionale føringer eller ikkje. Det skal gå klart fram av Statsforvaltarens fråsegn om merknadene er faglege råd eller vil kunne føre til motsegn mot planen ved offentleg ettersyn. I rundskriv "Retningslinjer for innsigelser i plansaker etter plan- og bygningsloven" (T-2/14) er det presisert at ordet motsegn berre bør brukast i høyringsfasen av planen, og altså ikkje ved oppstart.

I konfliktfylte plansaker vil vi ved oppstart av planarbeid tydeleg synleggjere eventuelle konfliktar med nasjonale og/eller regionale interesser innafor Statsforvaltarens ansvarsområde. Vi vil få fram at arealbruken kan gje grunnlag for motsegn ved offentleg ettersyn ved å rå i frå heile eller deler av planen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.