Oppstart

Grunnlaget for gode planprosessar vert lagt allereie i starten, og eit godt råd er å investere tid og ressursar i ein tidleg fase av planarbeidet. Dette kan ofte lønne seg ved at planprosessen går raskare og at plankvaliteten vert betre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019

Kommuneplanar

Varsel om oppstart skal innehalde informasjon om føremålet med planarbeidet og dei viktigaste problemstillingane det reiser, jf. pbl § 11-12. Føresegna gjeld for oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel, og for endring av slike planar. 

Det er svært viktig å med utgangspunkt i samfunnsdelen bruke planprogrammet til å definere og avgrense kva som skal vere innhaldet i revisjonen av arealdelen. I dette arbeidet vil det vere viktig å avklare kva slags byggjeformål og utvikling den aktuelle kommuneplanrevisjonen skal leggje til rette for. Her kan kommunen vere så konkret som å skrive at formålet med revisjonen er å leggje til rette for t.d. bustader og næringsareal. Ei slik avgrensing og presisering på kva revisjonen av arealdelen skal omfatte vil gjere det lettare for kommunen å klare å gjennomføre planarbeidet utan alt for stor ressursbruk og innan rimeleg tid.

Revisjon av kommuneplanen og planforum 

Statsforvaltaren og andre statlege styresmakter skal varslast gjennom brev, der viktige spørsmål og oppgåver i samband med planarbeidet er klargjort. Ved full revisjon av arealdelen til kommuneplanen og for delplanar med arealbruk som kan komme i konflikt med nasjonale og/eller viktig regionale interesser, tilrår vi at kommunen melder planen inn til planforum for drøfting, for å få fram dei nasjonale/regionale interessene så tidlig som mogleg.

Arealdelen er omfatta av plan- og bygningslova sitt krav om konsekvensutgreiing. Det vil seie at det ved utarbeiding, revisjon og endringar i arealdelen, skal utarbeidast forslag til planprogram som skal leggjast til grunn for det videre planarbeidet. Dette gjeld sjølv om det ved varsel om oppstart av planarbeidet ikke er konkrete forslag til nye byggjeområde.

Reguleringsplanar 

Når forslagsstillar er ein anna enn planstyresmakta/kommunen sjølv skal planspørsmålet leggjast fram for kommunen i oppstartmøte (jf. pbl. § 12-8).

I oppstartfasen skal det m.a. avklarast om planen vert omfatta av krav om planprogram og konsekvensutgreiing.

Viss reguleringsplanen fell inn under § 3 i "Forskrift om konsekvensutredninger" (KU-forskrifta), men vert vurdert til ikkje å skulle konsekvensutgreiiast, skal dette gå fram av varsel og kunngjering om oppstart av planarbeidet. Dersom planarbeidet vert omfatta av KU-forskrifta skal forslag til planprogram sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn seinast samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet.

Oppstartvarslet for reguleringsplanar skal også vurderast opp mot naturmangfaldlova. Det skal takast stilling til om kunnskaps­grunnlaget for naturmangfaldtema er godt nok til at ein kan vere rimeleg sikker på å unngå skade på naturmangfaldet, eller om det skal gjennomførast meir kartlegging av biologisk mangfald for å styrkja kunnskapsgrunnlaget (naturmangfald­lova § 8).

Praksis for å varsle motsegner

Statsforvaltarens oppgåve er å gi faglege merknader til planar på høyring ut fra nasjonale og regionale mål og retningslinjer. Ut frå faglege vurderingar skal det gjevast klare signal om planen er i tråd med nasjonale og regionale føringer eller ikkje. Det skal gå klart fram av Statsforvaltarens fråsegn om merknadene er faglege råd eller vil kunne føre til motsegn mot planen ved offentleg ettersyn. I eit rundskriv 27.08.2013 "Retningslinjer for innsigelser i plansaker etter plan- og bygningsloven" (T-2/13) vart det presisert at ordet motsegn berre bør brukast i høyringsfasen av planen, og altså ikkje ved oppstart.

I konfliktfylte plansaker vil vi ved oppstart av planarbeid tydeleg synleggjere eventuelle konfliktar med nasjonale og/eller regionale interesser innafor Statsforvaltarens ansvarsområde. Vi vil få fram at arealbruken kan gje grunnlag for motsegn ved offentleg ettersyn ved å rå i frå heile eller deler av planen.

Statsforvaltarens rutinar for handsaming av oppstartvarsel 

Statsforvaltaren har utarbeidd eit skriv "Fylkesmannen sine merknader til oppstart av reguleringsplanarbeid". Dette er å sjå på som ein del av våre merknader ved oppstarten av planarbeid i ein del saker, og som kommunane skal bruke i si sakshandsaming. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.