Planprogram

For alle regionale planar, kommuneplanar, og for reguleringsplanar for tiltak i vedlegg I, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet med konsekvensutgreiing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019

Det er verdt å merke seg at det er innført krav til planprogram for alle regionale planar og kommuneplanar, også dei planane som ikkje kjem inn under KU-forskrifta slik som t.d. tematiske kommunedelplanar. Det er ikkje lenger krav til planprogram for reguleringsplanar for tiltak i vedlegg II, men desse reguleringsplanane skal konsekvensutgreiast viss dei kan få vesentlege verknader etter § 10. 

Grunnlaget for gode planprosessar vert lagt i starten

Eit godt råd er å investere tid og ressursar i ein tidleg fase av planarbeidet. For planar som vert omfatta av KU-forskrifta er det viktig å gjere ein god jobb med planprogrammet. Dette kan ofte lønne seg ved at planprosessen vil kunne gå raskare og at plankvaliteten vert betre. 

I planprogrammet for revisjon av arealdelen til kommuneplanen skal det skiljast mellom utgreiing av enkeltområde og utgreiing for planen samla. Der det er aktuelt skal planstyresmakta klargjere kva slags dokumentasjon som skal følgje nye innspel til byggjeområde. Les meir om planprogram under tema "samfunnsdelen" og "arealdelen".

I oppstartfasen for arbeid med reguleringsplanar skal det m.a. avklarast om planen vert omfatta av krav om planprogram og konsekvensutgreiing eller ikkje. I KU-forskrifta § 11 går det fram at  ansvarleg styresmakt (kommunen) si avgjerd av om planen kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn skal grunngjevast. Grunngjevinga skal gå fram av oppstartvarslet for planarbeidet og ved utlegging av planen til offentleg ettersyn. 

Innhald i planprogrammet

Dersom planarbeidet vert omfatta av KU-forskrifta, skal forslag til planprogram sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Dette skal normalt skje samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet.

Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet og kva slags problemstillingar som vert sett på som viktige for miljø og samfunn. Relavante og realistiske alternativ skal skildrast, og og det skal gå fram korleis alternativa er tenkt handsama i planprogrammet.

For utarbeiding av planprogram viser vi til kapittel 4 i KU-forskkrifta og til § 21 der eksempel på viktige vurderingstema er lista opp. Det skal gå fram kva for metodar som skal nyttast (jf. KU-forskrifta § 14, bokstav b. Det er viktig at planprogrammet vert utforma slik at det enkelt kan takast stilling til om plan- og utgreiingsarbeidet er gjennomført i samsvar med programmet. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.