Viktig informasjon om handsaming av plansaker
Fylkesmannen i Vestland har sendt ut eit brev med viktig informasjon om handsaming av plan- og dispensasjonssaker til alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane, og til statlege etatar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen i Vestland ønskjer med brevet å informere om følgjande:
- Orientering om ordninga med Fylkesmannens samordning av statlege motsegner til kommunale planar etter plan- og bygningslova
Samordningsprosjektet har styrka dialogen og samhandlinga mellom aktørane og har gjeve meir effektiv og betre statleg medverknad i kommunale planprosessar. Både tal motsegner og sakshandsamingstid i motsegnssaker er redusert. Medan ein i Hordaland har vore med på samordningsprosjektet sidan starten, er dette frå i år nytt i Sogn og Fjordane.
- Behov for utvida høyringsfrist for plan- og dispensasjonssaker
No når sommarferien straks står for døra, vil Fylkesmannen minne om kommunane sitt ansvar for tilrettelegging for medverknad i planprosessar. I ferietider betyr det i praksis at m.a. høyringsfristane bør forlengast.
Vi oppmodar difor kommunane om å utvide uttalefristen med minst fire veker for saker som blir sendt ut i perioden 17. juni – 18. august. I nokre høve kan det verte behov for endå meir tid.
Kontaktpersonar
-
Nils Erling Yndesdal
Tlf: 57 64 31 20 / 95 72 33 72 -
Egil Hauge
Tlf: 55 57 23 50 / 97 50 40 07