Telefonmøte om skredsituasjonen i Sunnfjord
Fylkesmannen og fleire sentrale aktørar har i dag diskutert skredsituasjonen i Sunnfjord, med særleg vekt på handteringa av samfunnsmessige konsekvensar og bortfall av kritisk infrastruktur.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 31.07.2019
Saman med Fylkesmannen i Vestland deltok Telenor, NVE, Vest politidistrikt, Jølster kommune, Statens vegvesen, Førde kommune, Kraftforsyningens distriktssjef, Helse Førde, Gaular kommune, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt.
Fylkesmannen vart tidleg involvert i hendingane, og har ansvar for å rapportere til nasjonale styresmakter.
Dei involverte aktørane skal ha eit nytt møte kl. 15:00 i dag.